Kolonnen for inngåtte partnarskap har hatt ein einsleg null i alle årsoversyn Voss tingrett har levert sidan Partnarskapslova vart sett i kraft. Slikt er mest aktuelt for dei urbane. Skal bygdefolk inngå partnarskap, reiser dei gjerne til storbyen.

Ingen av dei to som inngjekk partnarskap på Voss i fjor, har adresse Voss, får Bergens Tidende opplyst ved sorenskrivarkontoret.

19 par vart vigsla til vanleg ekteskap ved Voss tingrett i fjor. Her gir ikkje statistikken samanlikningsgrunnlag med tidlegare år, fordi gamle tal også femner om saker der vilkår for ekteskap vart rettsleg prøvd, utan at det nødvendigvis vart vigsel. Denne funksjonen vart overteken av Folkeregisteret frå 1. oktober 2004.

Voss si fleire hundre år lange epoke som rettsstad vert avslutta 31.august i år. Frå 1. september blir saker frå Voss overført til Midthordland tingrett i Bergen, og saker frå Ulvik og Granvin til Hardanger tingrett på Lofthus.

Statistikken for siste heile rettsåret syner ei auke i talet på sivile søksmål samanlikna med dei fem siste åra. Talet på straffesaker auka frå 68 i 2004 til 73 i 2005, men låg på over 100 før 2003.

Også konkursane auka frå 2004, men ligg klart under toppåra 2002. Talet på tvangssal viser om lag same tendensen, medan andre tvangsforretningar er halvert. 46 personar fekk oppnemnt verje, det høgste talet sidan tusenårsskiftet.

Talet på tinglyste dokument nådde i 2005 opp til 3052, ein rekord som blir ståande til evig tid, fordi tinglysinsgsåret 2006 ved Voss tingrett er omme om knappe fire månader. Frå 5. mai overtek Statens Kartverk på Hønefoss tinglysingsfunksjonen i eit landsomfattande register som Kinsarvik var på nippet til å få.