Norge år 2003. Utanfor dei store byane er det framleis ikkje vanleg at homofile og lesbiske klarer å vere opne om legninga si.

— Forutan møblar og fisk er homofile den største eksportartikkelen i vårt distrikt, slår leiar i Homofil Bevegelse på Nordvestlandet, Arild Mæhle Waksvik, fast.

Kan være fleire

Tre av årets sjølvmord i dei to fylka har skjedd i Sogn og Fjordane, fem i Møre og Romsdal. Det var seks menn og to kvinner som ikkje orka meir.

Dette er berre dei tilfella som lokalavdelinga på Nordvestlandet konkret kjenner til.

— For alt vi veit, kan sjølvmordstala blant homofile i området vere endå høgare, seier leiar i organisasjonen, Arild Mæhle Waksvik.

— Korleis har du fått kjennskap til desse åtte tilfella i år?

— Dette er folk som har vore i kontakt med oss, og som har stått på våre post- eller maillister. Når vi så har sendt ut informasjonsmateriellet vårt, har pårørande kontakta oss og fortalt om det som har skjedd. Det er heilt forferdeleg.

Halvparten av årets åtte sjølvmord i dei to fylka organsiasjonen dekkar, skjedde i løpet av ein enkelt månad i vår. Ifølgje Mæhle Waksvik kom minst eitt av tilfella direkte som smitteeffekt av eit anna.

Dei åtte dødsfalla spenner over aldersspekteret frå ungdommar opp til svært gamle menneske.

Sjølvmord på telefonen

Sjølv opplevde Mæhle Waksvik sitt livs mareritt som leiar i organisasjonen for halvanna år sidan. Den gongen ringte ein djupt fortvila homofil mann til organisasjonen. Under samtalen tok han livet sitt ved å hoppe ut frå ein bygning. Då hadde samtalen vart i 50 minuttar.

— Kva er det som gjer det homofile livet på bygda så umogeleg?

— Det er utbreidd diskriminering og trakassering, både i skulane og elles i samfunnet. Både handgemeng, fysisk og psykisk mobbing av homofile er vanleg, seier han.

Ved den eine av skulane ville ikkje andre elevar dusje saman med ein homofil elev, og skuleleiinga reagerte ved å tilby han eigen dusj. I det andre tilfellet hadde skuleleiinga mistanke om at ein elev kunne vere homofil, og kalla eleven inn til møte.

Der fekk eleven tilbod om separat dusj og omkledningsrom, sjølv om han ikkje hadde sagt noko om si seksuelle legning, korkje til lærarar eller medelevar.

Homofil Bevegelse på Nordvestlandet er den einaste organsiasjonen for homofile mellom Bergen og Trondheim.

— Vi har knapt midlar til å drive. Vi fell utanfor dei fleste stønadsordningar som departementa har, og har rett og slett ikkje råd til å sende nye søknader ut til kvar enkelt kommune. Men vi klarer å drive ei tilnærma døgnkontinuerleg telefonordning. Det einaste som ikkje er blitt redusert, er talet på menneske som kontaktar oss, seier Arild Mæhle Waksvik.