Nær halvparten av alle homofile gutar blir mobba på skulen, viser ei stor undersøking, der over 3000 norske 10.-klassingar er med. Meir overraskande er det likevel at homofile gutar er dei verste mobbarane, og bifile dei nestverste.

– Dette høyrest heilt grusomt ut og overraskar meg veldig, seier Tor Andreas Bremnes, styremedlem i Skeiv ungdom.

– Oppsiktsvekkjande

I undersøkinga «Seksuell orientering og mobbing 2009» svarar

  • 52 prosent av dei homofile og 26 prosent av dei bifile gutane at kvar veke eller oftare mobbar dei andre – ansikt til ansikt, på nett eller via SMS.
  • Berre ti prosent av dei heterofile gutane svarar at dei gjer det same.– Dette er oppsiktsvekkjande funn i eit så stort materiale, seier professor Erling Roland ved Senter for atferdsforskning ved Universitetet i Stavanger.– Kva er forklaringa på at homofile, som blir mest mobba, også mobbar mest?

– Vi veit rett og slett ikkje, og kan berre reflektere over det. Enkelt sagt kan det jo vere at desse ungdommane føler seg så trengde opp i eit hjørne at dei gjer dumme ting, seier Roland.

– At dei føler seg pressa, både fordi dei sjølve blir mobba og fordi det er ein del psykiske problem i denne gruppa, og så slår det ut på denne måten.

Dobbeltrolle

Mobbeforsking viser at elevar som både mobbar og blir mobba sjølve ofte har store problem. Når det gjeld unge homofile, går mange gjennom identitetskriser, og slit ofte med angst, depresjon, alkohol og sjølvmordstankar.

– At mobbing av homofile og bifile er så massiv, samtidig som dei openbert deltek sjølve, viser alvoret. Dei har det tøft, rett og slett, seier Roland.

– Men det kan ofte vere vanskeleg å hjelpe elevar i slike dobbeltroller, fordi dei lagar snubletrådar for seg sjølve.

At homofile mobbar mest, kan vere utslag av eit mobbehierarki, seier Bremnes i Skeiv ungdom.

– Du mobbar andre, fordi du har det vanskeleg sjølv. Anten fordi du går gjennom ei identitetskrise, eller fordi du blir utsett for press sjølv.

Som Roland meiner også Bremnes at det er viktig med meir kunnskap om kvifor mange homofile gutar er mobbarar.

– Vi må motarbeide all mobbing, uavhengig av legning og seksualitet. Men som homofile må vi også jobbe innover, seier Bremnes.

– Vi blir dobbelmoralistiske, dersom vi rapporterer at vi blir mobba og trakasserte, samtidig som vi faktisk mobbar sjølve.