25 år gamle Arnfinn Nordbø kjem frå ein familie med sterk tilknyting til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), og er så å seie oppvaksen på bedehuset.

Tolv år gammal skjønte jærbuen at han er homofil. Då han stod fram ti år seinare, vart han utstøytt frå det kristne konservative miljøet. Han opplevde å bli hetsa, sjikanert og indirekte drapstruga.

— Eg vart fortalt at Satan hadde tatt bustad i kroppen min, og at eg kom til å brenne i helvete, seier Nordbø.

  • Frå nokre kjende eg verkeleg hat. Andre meiner at Gud hatar homofile, utan at dei hatar oss som personar.

Les òg: - For utleverande | Bak Nyhetene: Ikke god nok for kristenfolket

Fortrengt seksualitet

I boka «Betre død enn homofil?» skriv Nordbø at bedehusmiljøet skapar kalde og harde hjarte mot homofili.

  • Dei behandlar homofile på ein måte som ikkje er rett. Eg krev ikkje at dei skal slutte å meine at homofili er synd, men skulle ønskje at dei ville anerkjenne at også vi er ein del av Guds skaparverk.

Nordbø var bedehuskjendis. Saman med broren song han på bedehus og i forsamlingslokale over heile landet. Det hende også at han snakka frå talarstolen om at homofili er syndig.

  • Eg var meir konservativ enn dei fleste på min alder, og prøvde å overtyde omverda om at eg ikkje var homofil. Eg syntest det hjelpte å markere seg som ein bibeltru, sterk kristen, seier Nordbø.

— Så lenge eg klarte å innbille meg sjølv og andre at homofili var skittent og syndig, vart det lettare å godta at eg aldri skulle få leve ut desse lengslene sjølv.

- Verre enn Hitler

Heile tida hata han seg sjølv. Skamma seg, kjende seg som verdas største syndar, trygla Gud om å forandre han.

— Eg følte meg verre enn Hitler. Eg vurderte å ta mitt eige liv, men kom aldri så langt at eg prøvde.

  • Kva gjorde at du klarte deg?
  • At eg er litt sterk og sta, kanskje. Det har hjelpt meg gjennom. Eg tenkte til slutt at eg kom til helvete uansett, og ikkje hadde noko å tape. Det tenkjer eg ikkje lenger, seier Nordbø.

— Men eg måtte gje det ein sjanse, tore å utfordre meg sjølv. Det er betre å leve eit liv med kjærleik, tenkte eg, enn eit trist og einsamt liv.

Hausten 2004 logga Nordbø seg på gaysir.no. På nettstaden møtte han andre homofile for første gong.

— Eg skjønte at eg ikkje var den einaste, korkje i bedehusmiljøet eller på jord.

- Betre død enn homofil

I oktober året etter fekk foreldra eit 17 sider langt brev. Arnfinn fortalde at han var homofil. Reaksjonen frå foreldra har gitt tittel til boka. Dei sa til sonen at det ville vere betre om han var død, og bad han gå i behandling for legninga si.

Heller ikkje i dag aksepterer dei at sonen er homofil, og dei aksepterer heller ikkje partnaren hans. Etter foreldra si oppfatning lever han i synd og må vende om. Dei fem syskena hans deler dette synet, og ingen i familien er glade for boka som kjem ut i dag. Det lukkast ikkje BT å kome i kontakt med foreldra til Nordbø i går.

  • Me er glade i kvarandre, men dei trur eg går til helvete. Derfor må dei åtvare meg, forklarar Nordbø.
  • Er dette kristendomssynet framandt for deg i dag?
  • Ja, sjølv om eg kjenner att tankegangen, har eg flytta meg langt frå dette synet på Bibelen, Gud og menneske. Men eg reknar meg framleis som kristen.

— Heng du ut familien i boka di?

  • Det er ingen tvil om at eg har hatt samvitskvalar, og at dette har vore eit dilemma. Eg er veldig glad i mor og far, men utset dei for ufordelaktig omtale. Samtidig står dei for dette synet og har aldri beklaga det.

Nordbø har skrive boka av omsyn til skjulte kristne homofile, og for å få i gang debatt om og refleksjon over måten bedehusmiljøet omtalar og behandlar homofile på.

— Eg måtte forklare den nakne sanninga for at folk kan forstå og ta eit oppgjer. For at vi skal kome oss vidare.

Er homofiendtlege haldningar framleis eit problem i Noreg? Sei meininga di!

Håvard Bjelland