«Fy søren, den buksa er homo!» Eller: «Din bitch!» Slike skjellsord er nokså vanlege i friminuttet på ein norsk skule – ofte utan at lærarane reagerer.

— Mange tenkjer nok at det er harmlaust, at det ikkje ligg noko vondsinna bak, seier Hilde Slåtten, forskar ved HEMIL-senteret i Bergen.

Felles for skjellsord som «homo», «hore», «kuk» og «fitte» er at dei rakkar ned på grupper – anten det er homofile eller lesbiske, jenter eller gutar. Men når lærarar ikkje grip inn, gir dei samtidig signal om at det er ok å bruke slike ord.

— Då kan det legitimere andre og meir alvorlege former for trakassering, seier Slåtten.

— Bør det vere nulltoleranse?

— Ja. Elevane bør kunne ha ein skulekvardag der dei slepp å høyre slike skjellsord.

«Homo» som skjellsord Av og til kan bruk av «homo» berre vere gøy og slagferdig. Men det kan også vere knalltøft å få slengt «homse», «sopar» eller «lesbe» etter seg på skulen, viser utanlandske studier.

— Studiene viser at denne typen homonegative uttrykk rangerer høgt, og at dei som blir utsette for slikt scorar høgare på depresjon og angst enn andre.

For barn og unge som identifiserer seg som – eller kjem til å identifisere seg som – homofile eller lesbiske, kan det vere negativt å vere i eit skulemiljø der «homo» blir brukt som skjellsord utan at lærarar reagerer.

— Lærarar som derimot konsekvent grip inn i ertesituasjonar, viser at bruk av «homo» og «hore» er uakseptabelt og ikkje blir tolerert, seier Slåtten.

Nyare norsk forsking visar at homofil ungdom langt oftare blir utsette for mobbing enn heterofile unge.

— Og ungdom med mor, far eller andre nære personar som er homofile eller lesbiske, kan oppleve det som særleg krenkande, når homo blir brukt som synonym for noko dårleg.

Redde for ein klem Frykt for å bli stempla som «homo» eller «hore» kan også prege oppførselen til andre elevar, som blir redde for å bryte med forventningar om korleis maskuline gutar og feminine jenter skal oppføre seg. Gutar kan bli redde for å gje kvarandre ein klem. Eller slutte på ballett. Også jenter som bryt med det feminine idealet kan oppleve sanksjonar, men truleg i mindre grad.

— Bruk av slike skjellsord kan vere med på å disiplinere ungdommane til å ikkje våge å bryte med forventa kjønnsroller.

I ein studie med over 1500 elevar ved 9 vidaregåande skular i Nord-Trøndelag, svarte 40 prosent av gutane og 9 prosent av jentene at dei har opplevd å bli kalla «hore», «bitch», «fitte» eller «kuk» på skulen.

Ikkje berre er det viktig, seier Slåtten, at lærarar iretteset unge som brukar slike ord. Også mor og far må vere på vakt.

— Foreldre må gi klar beskjed om at skjellsord som stigmatiserer ei heil gruppe ikkje blir tolerert – på linje med rasistiske uttrykk.

Nulltoleranse Ein ny lærarrettleiar frå HEMIL-senteret gir råd om korleis kjønnsrelatert mobbing og homofobisk erting i ungdomsskulen kan handterast og førebyggast. Rettleiaren byggjer på tiltak som alt er utprøvde ved tre skular i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland, mellom anna:

  • Å slå fast i overordna planar at skulen har innført nulltoleranse mot mobbing, inkludert bruken av «homo» og «hore» som skjellsord.
  • Gjere lærarar medvitne om kvifor det er viktig å slå ned på skjellsord som «homo» og «hore».
  • Ikkje alle elevar er klar over at nokon kan bli såra over å bli kalla «homo», eller kva dei kommuniserer når dei kallar andre «homo» eller «hore». Derfor er det ein god ide å undervise og snakke om slike tema.
  • Skular med antimobbeprogram kan ta opp bruk av ord som «homo» og «hore» i det generelle mobberabeidet.