— Vi har eit etterslep på vedlikehald på ca. 3 milliardar kroner på vegane i Region vest. Dette etterslepet omfattar også tunnelane våre. Og Region vest har halvparten av alle tunnelane i heile Noreg, seier Ole Chr. Torpp til Bergens Tidende.

Tryggleiken i norske vegtunnelar har vorte eit sørgjeleg aktuelt tema denne vinteren. Etter raset i Hanekleivtunnelen på E18 gjennom Vestfold i jula har ei rad med tunnelar på strekninga vorte grundig inspisert. Resultatet er at i alt sju tunnelar må stengjast i kortare eller lengre tid for naudsynte tryggingsarbeid.

Ingen må stengjast

Vegdirektoratet har samstundes bede om inspeksjonsrapportar frå alle vegkontor i landet. Torpp opplyser at direktoratet får rapport også frå Region vest, med opplysningar om korleis inspeksjons- og tryggingsarbeid går føre seg i tunnelane her vestpå.

Dette går særskilt på risikoen for ras frå tunneltak og vegger. Ole Chr Torpp seier til BT at etter det han kjenner til, er det ingen av tunnelane i vårt område som bør stengjast med tanke på mogleg ras.

— Men vi kan sjølvsagt aldri garantera at det ikkje vil skje. Og vi har hatt nedfall av stein i nokre av tunnelane våre, seier Torpp.

Med spett og gehør

— Korleis går ein fram for å finna moglege risikosoner i fjellet inne i ein tunnel?

— Inspeksjon av tunnelane er ein del av funksjonskontraktane om vedlikehald som Statens vegvesen har inngått med ulike entreprenørar. Ofte er det slik at den beste måten å inspisera tunnelen på, er å slå på fjellet med eit spett. Røynde folk vil få kunna høyra på klangen om det er noko dei må sjå nærare på.

Nokre av dei eldste riksvegtunnelane våre, på E134 frå Seljestad via Røldal og over Haukeli, vert no grundig inspisert og ettersett i samband med at køyrehøgda skal aukast frå 4,1 til 4,2 meter.

Torpp nemner og Dalevågtunnelen og Helletunnelen på E16 Bergen-Voss, som vart utvida og moderniserte i fjor.

Lys i tunnelen

I tillegg til risikoen for ras er og manglande eller for dårleg lys ein stor risikofaktor i tunnelane våre. Men det kjem seg, om det enn går smått. Det siste frå den kanten er at 1,2 millionar kroner skal nyttast til å lysa opp tre tunnelar på vegen til Voss.

Det gjeld Nakkagjelstunnelen, Holemarktunnelen og Vassendatunnelen. Alle desse tre ligg langs Evangervatnet.