Riksadvokaten kan ikkje sjå at det er grunnlag for å straffeforfølgje Sjøfartsdirektoratet, rett og slett fordi lovverket fritar dei for straffeansvar. For lista frå Riksadvokaten over feil Sjøfarsdirektoratet er skuldige i, er lang:

  • Oppdaga ikkje ulovleg plassering av naudkraftgeneratoren.
  • Gjorde dårleg arbeid då evakueringsarrangementet vart godkjent.
  • Svak eller ingen kontroll av at mannskapet hadde fått den opplæringa dei skulle.
  • Nekta ikkje fartyet å segle, sjølv om hardværstest av flåtene ikkje vart utført. Ga i staden ei urealistisk fartsavgrensing på ein meters signifikant bølgjehøge – ei avgrensing som aldri vart respektert.

Plikter, men ingen strafferisiko

Riksadvokat Tor-Aksel Busch meiner det ikkje er særleg tvil om at direktoratet braut regelverket i den internasjonale HSC («High Speed Craft»)-koden. Slike regelbrot er straffbare.

Men dei som kan straffast, er ifølgje forskriftene berre reiaren, reiarlaget, verftet eller båtføraren — ikkje offentlege kontrollorgan som Sjøfartsdirektoratet, trass i at dei er pålagt ei rekkje plikter i HSC-koden. Difor finn Riksadvokaten at saka mot Sjøfartsdirektoratet må leggjast vekk som eit «ikkje straffbart forhold».

«Hvorvidt dette gir grunnlag for en regelendring er opp til andre å vurdere», konstaterer riksadvokat Tor-Aksel Busch.

Kapteinen risikerer tre år

Kaptein Sverre J. Hagland slepp tiltale for aktlaust drap, som var den reaksjonen politiet gjekk inn for i mai. I staden er han tiltala etter straffelovas §151, for aktlaust å ha valda ein sjøskade der menneskeliv lett kunne gå tapt. Riksadvokaten viser til at Hagland førte båten, men at han ei lang stund ikkje heldt utkikk eller følgde med på posisjonen til skipet. Først då overstyrmann Skjetne oppdaga kva som var i ferd med å skje, skjønte Hagland at båten var kraftig ute av kurs og på veg mot Store Bloksa.

Fordi det var Hagland som stod ved roret, meiner Riksadvokaten overstyrmann Skjetne skal sleppe straff, medan Hagland risikerer tre års fengsel.