Midt på dagen i dag, tysdag 27. januar, vart kontraktane for Hardangerbrua underteikna i Vallavik, der anleggskontoret ligg.

AF Skandinavia, eller AF Gruppen som dei no kallar seg, underteikna kontrakt for tilførslevegane på begge sider av fjorden. Pris: 310 millionar kroner.

Veidekke underteikna kontrakten for betongarbeidet, altså brutårna. Pris: 331 millionar kroner.

Nord-Europa-direktør for Højgaard, Christian Levinsen, seier til bt.no at han er «komfortabel» med prisen dei har tilbode Statens vegvesen, altså 761 millionar kroner.

Kvass protest Samstundes protesterer selskapet American Bridge kvasst mot underteikninga. Selskapet har levert ei klage på tildeinga av stålooppdraget på Hardangerbrua til Højgaard. Statens vegvesen gav svar på klaga måndag kveld.

American Bridge sin representant, Arne Røen på Voss, seier at dei no vil vurdera korleis dei skal gå vidare med saka. American Bridge har engasjert advokatkontoret Vogt & Wiig.

– Eg fekk vita frå advokaten at vegvesenet hadde avvist klaga. Det fylgde ei slags grunngjeving, men det var ikkje mykje å byggja på. No får vi ta nokre dagar og tenkja over kva vi skal gjera, seier Arne Røen.

Søksmål mot Statens vegvesen om erstatning kan koma på tale.

Bed om forhandlingar Det har kome fram at Højgaard gjennom fleire brev til Statens vegvesen har har prøvd å få i gang forhandlingar om diverse tillegg til den prisen dei kom med i tilbodet på Hardangerbrua. Højgaard har vist til reknefeil og uheldiga utslag av valutasvingingar, m.a. fall i kursen på den norske krona.

Regionvegsjef Olav Ellevset seier til bt.no at slike ting ikkje kan diskuterast før etter at kontrakten er underteikna. Då er det mogleg å ta opp ting, men berre innanfor område som kontrakten gjev høve til. Ellevset understrekar og at det er viktig å opptre ryddig og greit i ein slik prosess. Ikkje minst av omsyn til dei andre tilbydarane, sjølv i eit tilfelle som dette, der avstanden mellom Højgaard og dei næraste konkurrentane er svært stor.

– Dei varsla om moglege krav som Højgaard har kome med må vi og sjå i lys av at det er ein erfaren og svært profesjonell entreprenør internasjonalt, seier Ellevset. – I utlandet er det vanleg med eit kontraktsregime som stiller klare krav til førehandsvarsling frå partane når dei vurerer noko slikt. Slik sett er dette god og vanleg praksis. Dei norske kontraktane vert gjerne omtala som mindre entreprenørvenlege. Men også dei inneheld ei vanleg lojalitetsplikt med tilsvarande varsling når det kjem fram noko som kan vera viktig for den andre parten, seier Olav Ellevset.

På plass i februar Det er AF Gruppen som startar arbeidet med Hardangerbrua. Selskapet skal byggja tilførslevegar og tunnelar både i Vallavik og på Bu. AFGruppen opplyser til bt.no at dei vil starta rigginga i Vallavik 15. februar, og vera i gang med arbeidet tidleg i mars.

Ser du fram til å ta Hardangerbrua i bruk? Sei meininga di i kommentarfeltet!

PROTEST: Det har brote ut full strid om kven som skal levere stålarbeidet på Hardangerbrua.ILLUSTRASJON: MIR/STATENS VEGVESEN
ARNE HOFSETH