For ei veke sidan vedtok Helse Førde å avvikle sengeposten ved sjukehusavdelinga i Florø. Bergens Tidende er kjend med at stortingsrepresentantane frå fylket i dagane etter har engasjert seg sterkt mot at sengeposten blir avvikla. Det har så langt kulminert i eit brev der alle fem ber helseminister Sylvia Brustad avgjere framtida for sjukehusavdelinga. Ein samla stortingsbenk står no mot eit samla styre for helseføretaket i fylket.

— Det må vere ein soleklar demokratisk rett å peike på korleis vi meiner ei slik sak skal handterast, seier Reidar Sandal (Ap).

Brevet frå dei fem folkevalde på Løvebakken kan knapt tolkast annleis enn at dei går mot nedlegging. I brevet kritiserer dei Helse Førde for at dei ikkje har følgt opp intensjonen med nærsjukehuset.

Nasjonal pilot

Utspelet skapte i går sterke reaksjonar mellom styremedlemene i Helse Førde.

— Når dei først gjer dette, så kunne det vore veldig interessant om politikarane på same tid hadde hatt nokre innspel på kvar vi skal kutte. Reidar Sandal er leiar i finanskomiteen, han kunne kanskje kome med eit framlegg om å løyve oss nokre ekstra kroner, seier styreleiar Clara Øberg.

Det var dåverande helseminister Dagfinn Høybråten som oppretta nærsjukehuset i Florø i 2003.

Overraska I

— Avgjerda om å opprette nærsjukehuset blei teken av ein statsråd i føretaksmøte. Ved å leggje ned sengeposten, blir kjerneaktiviteten avvikla. Nærsjukehuset vil neppe kunne eksistere vidare etter ei slik omlegging. Vi ber difor statsråden vurdere om eit helseføretak kan leggje ned eit tilbod ein statsråd har oppretta, seier Sandal.

Signala om at Helse Vest neppe kjem til å overprøve nedleggingsvedtaket, og at sengeposten kan vere avvikla alt ved årsskiftet, har fått stortingsrepresentantane til å ta opp saka.

— Måten det blir lagt opp til å handsame denne saka, overraskar oss veldig. Vi ser at det blir lagt opp til avvikling i ekspressfart. Helse Vest ser derimot først ut til å kunne ta saka opp i februar, om dei då vil drøfte saka i det heile. Men då vil jo sengeposten vere avvikla for lengst, seier Sandal.

Overraska II

Stortingsrepresentantane er ikkje åleine om å vere overraska. Også styremedlemene i Helse Førde blei tatt på senga i går.

— Dette utspelet var heilt ukjent for heile styret. Ingen av styremedlemene var orienterte om at stortingsrepresentantane kom til å gå ut på denne måten, seier Clara Øberg.

Ho meiner politikarane forkludrar heile føretaksmodellen, når dei vil overprøve styret i Helse Førde.

— Stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane må bestemme seg for om dei vil vere med på den modellen for å styre helsevesenet som Stortinget har bestemt.