ERLEND SPURKELAND

— Ingen klagar på prisen, men mange som klagar på vegstandarden, flirer Andre Børresen (15). Bomvakt på fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø, med Norges truleg høgast plasserte sommarjobb.

— Men heilt sikkert ikkje den høgast betalte, legg ungdomskuleeleven til. Dreg i handtaket på veggen inne i luka, og bommen går opp. Saman med to kameratar deler han på jobben med å samla inn femtilappar frå bilistar som kjører dei 33 smale og kronglete ekstra kilometrane over fjellet for å koma ferjefritt nordom Sognefjorden.

Fritt liv

— I alle fall betre å sitja her enn å slå plenar og luka bed nede i Årdal.

1315 moh, milevis frå næraste nabo, bur og steller dei tre kameratane seg åleine sommaren gjennom. Langt borte frå foreldre og sivilisasjon. I ei malingslite raud brakke. Med straum frå eit durande dieselaggregat og ei vindmølla på taket. Med låge badetemperaturar, vind og dårleg ver. 16. juli hadde dei snø og slaps.

Tidsfordriv

Kameratane deler løn og vakter broderleg mellom seg, søv, ser film på parabol, spelar data og preikar. Med kvarandre. Ikkje så mange andre alternativ når det er null mobildekning.

— Men me er «nede» ein gong i veka etter tur for å dusja og proviantera. Går mest i frosenmat, pytt i panne og sånt. Hybelkomfyren har ikkje steikjeovn, så Grandiosa'en må dei unnvere.

Høgfjell

Utsikt til snaufjell, isbrear og vatn innover i Jotunheimen imponerer ikkje den unge bomvakten. – Er lei av å sjå på naturen. Kikkar heller på ein spelefilm på tv innimellom bilane.

Trur at nokre av dei mektige toppane bakom stasjonen er Skagastølstinden, «eller noko sånt.» -Men turistane kommenterer og skryt fælt over naturen, seier dei.

Sjølvbetjening

Vel 300 bilar paserer bommen på eit døgn. Om lag det same som i fjor. Men innslaget av utlendingar er større. Særleg av tyskarar og nederlendarar med bubilar. Nokre har til og med vasa seg opp på «feil fjell».

I ti-tida om kvelden stengjer bomvakten luka. Om natta er det sjølvbetetjening. Korleis dei kan kontrollera at ingen snik då? Svaret er enkelt:

— Me stolar på folk!