Arbeidarar frå BKK er i desse dagar i ferd med å demontere høgspentlinjene i Lønborglien i Sandviken. Ein bt.no— lesar har sendt oss desse bileta over «modige menn som klatrar himmelhøgt over bakken». Men for Einar Dalseid, som har halde på med dette i 37 år, er det berre småtteri.

– Ein kan ikkje ha høgdeskrekk i ditt yrke?

– Det er små høgder, dette. Vi har vore oppe i master som er 70-80 meter ved Sotrabrua. Dette her er 15-20 meter, så vi vil nesten ikkje kalle det for høgde, seier montørformannen.

– Kva er det de gjer der oppe?

– Vi lagar ein ny ende på linjene som kablane skal førast opp til. Linja heiter Jordal-Askøy 1 og 2, og er på 132 kilovolt, fortel Dalseid.

Ferdig over påske

I fjor vår starta BKK arbeidet med å erstatte to 850 meter lange kraftleidningar og elleve master i Lønborglien med jordkabel. Målet er å gjere området penare.

To sett med høgspenningskablar er gravd ned i grøfter i bakken. Traseen er om lag 1200 meter lang og startar ved kabelinntaket i Breidalsvik.

Prosjektet er planlagt ferdig like over påske, og Dalseid trur dei vil greie dette.

– Arbeidet nærmar seg slutten. Den eine kabelen har vore i drift i ein månads tid, den andre kabelen skal opp i masta på måndag og blir kopla til om eit par dagar. Når vi får spenning på den, er det berre å rive den gamle, seier Dalseid.

Ønskjer ungdommar velkomne

Han og montørkollegaene har på seg same utstyr som klatrarar har når dei heisar seg opp i høgda. I løpet av si lange karriere i høgspentlinjene, har Dalseid aldri opplevd alvorlege uhell.

– Vi har sikring oppe i toppen, og kan hengje i tauet og jobbe. Slik kan vi fire oss opp og ned.

I løpet av ein vanleg arbeidsdag kan det fort bli fleire timar oppe i høgda. Sjølv om Dalseid trivst i arbeidet, ser han helst at ungdommen trår til.

– Vi er mange eldre som har passert 60 år, og det er litt synd at vi må gjere dette. Vi slit litt med rekruttering til yrket, men eg trur det vil betre seg, seier Dalseid.

Montørformannen har fått mange positive tilbakemeldingar frå turfolk i området.

– Dei spør kva som skjer og kor tid vi vil vere ferdige.

Kunne du hatt arbeidet ditt her? Skriv gjerne ein kommentar nedanfor.

TOR LEIF PEDERSEN
TOR LEIF PEDERSEN