— Vi er forferdeleg glade for dette kjøpet. Det er ein milepæl i utviklinga av eit nytt høgskulebygg i Bergen, seier rektor ved Høgskulen i Bergen, Karl Olav Nummedal, til Bergens Tidende.

I dag er Høgskulen i Bergen spreidd på fem ulike stader - Nordnes, Nygård, Haukelandsbakken, Landås og Møllendalsveien. Spørsmålet om kor det nye, samlande høgskuleanlegget skulle liggje, har vore diskusjonstema i årevis.

Men i går vart det klart at Kronstad er valt som samlokalisering, slik både dåverande statsråd Trond Giske og bystyret i Bergen har gått inn for tidlegare. Også i høgskulemiljøet har Kronstad heile tida vore førstevalet.

Den tidlegare NSB-tomta er på 72.000 kvadratmeter, og her skal det byggjast eit nytt, funksjonelt anlegg for 5000 studentar og 500 tilsette.

Men det er enno eit stykke fram.

— I beste fall kan det første spadetaket setjast i jorda i 2005-2006. Byggjeperioden er på 3-4 år, så bygget kan tidlegast takast i bruk i 2009-2010, seier Nummedal.

Første steg no er å setje i gang arbeidet med planleggjing og reguleringsplan, slik at ein arkitektkonkurranse kan lysast ut i siste halvdel av 2003.

— Men i det vidare arbeidet er vi heilt avhengige av løyvingar frå Stortinget. No må vi jobbe intenst for at det blir ein kontinuerleg prosess fram til eit nytt høgskulebygg står ferdig i Bergen.