— Det er skadeleg å koma i bakleksa. Mange tenkjer altfor lett på pensjonistar som avskilta menneske, seier Høgskolen Stord/Haugesund sitt svar på «Eldrebølgen», Bjørg Dalsgård idet ho hastar inn til historieførelesinga saman med sine nesten 50 år yngre medstudentar.

To gonger i veka pendlar 71-åringen frå heimen på Årbakka på Tysnes for å følgja førelesingane på Rommetveit, der ho studerer samfunnsfag.

— Det er utruleg interessant, og eit fint miljø. Eg føler at eg går godt i lag med dei andre studentane, seier Dalsgård, for tida i gong med ei prosjektoppgåve innan lokalhistorie.

Atypisk bestemor

Enka, sjubarnsmora og bestemora til snart ti er ein heller atypisk 71-åring. I 1992 - nesten 50 år etter at ho forlet barneskulen - pendla ho frå Tysnes til Stord i eitt år og tok ungdomsskuleeksamen. Året før tok ho førarkort, og i dag er ho ein flittig trafikant i sin raude, vesle Toyota på dei smale vegane på Tysnes si austside.

— Ein bør ikkje setja seg i ro, sjølv om ein er oppi åra. Mange eldre har ressursar som kan koma vel med.

— Kva har du tenkt å bruka utdanninga til?

— I min alder har ein nok alderen imot seg på arbeidsmarknaden. Me må godta at dei yngre går først. Men å steppa inn som vikar i ein og annan jobb må vel gå bra? undrar Bjørg Dalsgård.

Eiga interesse

— Men eg gjer dette helst av eiga interesse. Eg har alltid hatt interesse for samfunnsfag og historie, men i yngre år gjekk dagane med til så mykje anna, familie, gard og dyr, seier ho.

Faglærarane Kjell Bjørn Minde, Sigurd Sandvold og Inge Moe skryt av den 71-årige studenten frå Tysnes. Bortsett frå ei viss datamaskinvegring og alderen er det lite som skil Dalsgård frå dei andre studentane.

71-åringen har skaffa seg mobiltelefon, men datamaskinar er ho ikkje blitt fortruleg med. Epost og internettbasert undervisning er blitt meir og meir trekt inn i læreprosessen på høgskulen.

Dalsgård røper at ho etter samfunnsfag ønskjer å studera tru og livssyn.

STUDENT PÅ 71: Bjørg Dalsgård køyrer to gonger i veka tre mil og tek ferja til Stord for å følgja undervisninga på Høgskolen Stord/Haugesund.
FOTO: OVE OLDERKJÆR