— Problemet vårt er at dei som kan ta imot praksisstudentar ikkje er forplikta til det. No ønskjer me at det blir tatt grep fra styresmaktene, seier Bjørg Kristin Selvik, dekan ved Høgskolen i Bergen.

Etter år med stor mangel på døvetolkar i Hordaland begynte Høgskolen i 2004 å utdanne døvetolkar. Denne hausten er det første året det er tre årskull på utdanninga. Det fører igjen til at skulen treng langt fleire praksisplassar enn tidlegare.

Like før sommarferien sat Høgskolen med praksisplass til berre fire av dei 48 studentane som skal ta til med andre og tredje år i august.

Studiet i fare

— Det er spesielt for dei 24 sisteårsstudentane det er krise, men det såg ikkje så ille ut før ferien, seier Selvik.

— Sjølv om den verste krisa er over, jobbar me likevel med dette på lengre sikt for at det skal bli ei større plikt til å ta imot praksisstudentar på same måte som til dømes i barnehagane.

Sidan utdanninga av døvetolkane er praksisbasert, meiner høgskulen det er ei dårleg løysing å gjennomføre studiet utan praksis. Konsekvensen av dei manglande praksisplassane kan føre til at Høgskolen må trekkje studiet eller redusere talet på studentar.

Arbeidskrevjande praksis

Ein av dei største arbeidsgjevarane til døvetolkane er Hjelpemiddelsentralen, der Tolketenesta i Hordaland held hus. Fylket har 14 tolkar, i tillegg har dei kontakt med 50 frilanstolkar.

— Etter vår meining er det for få døvetolkstillingar i Hordaland. Me har strekt oss langt for å ta imot fleire studentar enn vanleg er, seier Kjersti Ørnhaug, leiar for Tolketenesta i fylket.

— Det er krevjande å ha praksisstudentar. Tar me inn fleire studentar, vil tolkane bruke meir tid på opplæring. Me vil unngå at brukarane får mindre hjelp, seier Ørnhaug.

Tolketenesta har takka ja til å ta i mot fire studentar per praksisperiode, mot tidlegare to til tre studentar.

Statleg innblanding

Ifølgje dekan Bjørg Kristin Selvik på Høgskolen i Bergen slit også dei to andre institusjonane som utdannar døvetolkar med å få nok praksisplassar.

Derfor ønskjer Høgskolen at styresmaktene går inn og forpliktar arbeidsgjevarane å ta i mot studentar.

Det spørsmålet er til behandling i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Silje Katrine Robinson