Høgrisiko for MS i Hordaland

Ny forsking viser at Hordaland er høgrisikoområde for MS. Kyssesjuke-viruset kan vere risikofaktor, trur forskarar.

Kvart år får mellom 28 og 32 personar i Hordaland diagnosen Multippel sklerose (MS), viser ein ny doktorgrad.

- Hordaland har gått frå å vere eit lågrisiko til eit høgrisikoområde for MS, seier stipendiat Nina A. Grytten Torkildsen ved Institutt for klinisk medisin ved Universitetet i Bergen.

Frå 1953 til 1978-82 viser pasientdata ein klar tendens til fleire MS-tilfelle i Hordaland kvart år. Dei siste 25 åra har tendensen stabilisert seg. Men årsaka til MS er framleis ei gåte.

- Truleg handlar det om eit komplekst samspel mellom genetisk disposisjon og miljøfaktorar, seier Grytten Torkildsen.

Mor og son med MS
Med eit medlemstal på nær 500 har MS-foreningen i Bergen og Hordaland aldri hatt fleire medlemmar enn i dag.

- Det blir forska mykje meir på MS i dag, og fleire tilfelle blir oppdaga, seier leiar Richard Solli (31).

Sjølv fekk han MS-diagnosen for halvanna år sidan. Då hadde Solli i fleire år kjent på seg at noko var gale.

- Det var godt å få ein diagnose til slutt. Mor mi har også MS, så eg vart ikkje skremt. Det er nok vanskelegare for folk som ikkje har tilknyting til sjukdommen frå før, seier Solli, opphavleg frå Klæbu.

I dag lever nær 700 menneske i Hordaland med MS-diagnosen. Ein av hovudteoriane som forskarane jobbar med på Nasjonalt kompetansesenter for MS i Bergen, er at sjukdommen har samanheng med Epstein-Barr-virus (EBV).

Kyssesjuke-hypotese
EBV er det same viruset som gir kyssesjuke (Mononukleose), ein infeksjon som særleg rammar barn og unge i aldersgruppa 10-25 år.

Smitte skjer gjennom spytt, og dei fleste vaksne har blitt smitta ein eller annan gong. Men mange veit ikkje eingong om det, og få blir sjuke.

- At kyssesjuke kan gi risiko for MS, er ein av dei viktigaste hypotesane akkurat no. Men dette går i bølgjer, understrekar lege og forskar Øivind Grytten Torkildsen.

- Betyr dette at personar som har hatt kyssesjuke kan ha større risiko for å utvikle MS?

- Ja, vi jobbar ut frå den hypotesen. Men vi spekulerer også i om vitamin D, tobakk og kosthald kan ha noko å seie, fortel Øivind Grytten Torkildsen.

I Nord-Norge, der fisk og tran utgjer ein større del av kosthaldet, er det nemleg langt færre MS-tilfelle. Andre høgrisikoområde i tillegg til Hordaland er Oslo, Oppland og Sør-Trøndelag.

- At søringar et for lite fisk, kan altså forklare kvifor fleire får MS?

- Det er ei av hypotesane vi jobbar med, svarar han.

Håpar på framtidig MS-kur
Også Solli trur at nøkkelen til MS-gåta ligg i genetiske og miljømessige faktorar. Ved hjelp av stamcelleforsking håpar han at forskarane vil oppdage ein kur mot MS.

- Det kan skje mykje i løpet av dei nærmaste ti åra, seier Solli.

Les også

Siste fra Lokalt

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Denne kan vere ein kraftrevolusjon

Det meiner to pensjonistar på Stord, som har pønska ut løysinga.

«I kveld kan det bli
vanskelig å sove»

På Ostereidet barneskule mistet en elev sin stefar denne uken. - Når verden ramler i hop, må skolen vise omsorg.

Multippel Sklerose

  • Kronisk sjukdom i det sentrale nervesystemet.
  • Ukjent årsak.
  • Omlag 7000 nordmenn lever med MS.
  • Kvinner blir ramma dobbelt så ofte som menn.
  • Vanlegvis kjem sjukdommen i alderen 15-30 år.
  • Typiske symptom er mellom anna synstap, ustø gange, dobbeltsyn og mindre kraft.

Relaterte bilder

MANGE HYPOTESER: MS er framleis ein gåtefull diagnose, men forskarar reknar det som sannsynleg at genetikk, Epstein-Barr-viruset, tobakk og mangel på D-vitamin gir større risiko for sjukdommen. Forskarparet Nina A. Grytten Torkildsen og Øivind Grytten Torkildsen jobbar begge ved Nasjonalt kompetansenter for MS i Bergen. FOTO: Rune Berentsen

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger