• Overvakingspolitiet har dei siste par åra hatt topp prioritet på å fylgje dei høgreekstreme her i landet. Det opplyser overvakingssjef Per Sefland til Bergens Tidende. Sefland vil ikkje talfeste innsatsen mot dei høgre-ekstreme.

Men han seier at leiinga i POT gjennom styringssignal internt har gjeve dette arbeidet "svært høg prioritet".— Denne prioriteringa går også igjen i alle dei rapportane vi har gjeve til Justisdepartementet om arbeidet vårt, seier Sefland. Sefland opplyser samstundes at innsatsen innan POT overfor dei høgreekstreme varierer mellom landsdelane. - Høgreekstremismen er lokale fenomen i delar av landet. I Nord-Noreg er det til dømes nesten kjemisk fritt for aktive høgreekstreme. Sefland legg til at ressursbruken i dei ulike delane av POT avspeglar dei utfordringane POT meiner ein står overfor.