For to år sidan var Høgre mellom dei som sa beint nei til å halda fram med bompengar på Nordhordlandsbrua etter at brua er ferdig betalt våren 2006. Føremålet den gongen var nye vegar på Radøy og i Lindås mot Seim.

— Dette er ei tung sak å ta opp att, det må vi vedgå. Men alternativet er at ingenting skjer på vegsektoren i regionen vår. Så mykje har vi fått med oss etter samtalar med våre partifeller på Stortinget, seier John Bauge, som er leiar i Radøy Høgre.

Ingen bompengepause

— No er det ikkje vår meining å finansiera heile opplegget vårt med meir bompengar på Nordhordlandsbrua. Vi har tenkt at den nye innkrevjinga skal skje framfor Nyborgtunnelen, som skal byggjast frå Nordhordlandsbrua til Nyborg i Åsane. Men vi innser sjølvsagt at den nye innkrevjinga må skje på Nordhordlandsbrua i ein overgangsperiode, til det fyrste røyret i Nyborgtunnelen er bygt. Og for at folk ikkje skal venja seg av med bompengar, er det viktig å koma i gang med den nye innkrevjinga så snart noverande bompengeordning er ferdig om fire år, seier John Bauge.

Forutan Nyborgtunnelen i Åsane inneheld vegpakken frå Høgre i Nordhordland ein ny og ytre sambindingsveg frå Radøy over Holsnøy til Herdla og vidare til Øygarden, med ferge på det siste fjordstrekket. Tanken bak er at dette vil fremja næringsutvikling og gje nye arbeidsplassar. Det ytre sambandet kan og vera eit alternativ til køyring om Bergen. Også på denne strekninga er det meininga å kreva bompengar, men storparten reknar Høgre med skal hentast på E39.

Stamveg om Mofjorden

— I fylgje vegvesenet skal trafikken over Nordhordlandsbrua auka til 15.000 bilar i døgnet etter 2006. Med 40 kroner pr. bil kan vi då ta inn 2,2 milliardar kroner på 10 år, seier John Bauge.

Dei 400 millionane som manglar opp til 2,6 milliardar er tenkt brukt på eit indre stamvegsamband med ein sterkt innkorta veg frå Romarheim over Mofjorden mot Dalseid på E16. Her vert det eigne bompengar.

— Korleis har de tenkt å gå framover med denne planen?

— Opplegget skal drøftast i Regionrådet for Nordhordland og Gulen i fyrstninga av april. Så er det viktig at saka vert drøfta i kvar einskild kommune før ho går vidare til fylkeskommunen. Deretter vonar vi at Stortinget kan handsama saka slik at opplegget vårt kan innarbeidast i Nasjonal Transportplan, seier John Bauge optimistisk.