Dette er Hordaland Høgre sin viktigaste bodskap under ein to dagar lang valturne med samferdsle som tema. Ringreven Øyvind Halleraker har med seg læreguten Harald Victor Hove, og på to dagar har dei kryssa fylket frå nord til sør, frå aust til vest for å forkynna kva for vegar Høgre vil bruka pengar på dei neste 20 åra.

Og det er ikkje småpengar som trengst. Høgre meiner det må investerast 12,3 milliardar kroner i fylket. Så mykje må til for å utjamna kostnadsulempa som næringslivet på Vestlandet har samanlikna med Austlandet, der dei ikkje plagast med ferjer.

— Vi har mange viktige prosjekt, som Nordhordlandspakken, Arnatunnelen, nytt samband til Sotra, Vossapakken, Hardangerbrua. Men det kanskje aller viktigaste er eit ferjefritt samband innan fylket på E39, seier Halleraker til Bergens Tidende.

— Men fylkestinget har vel gått inn for at ein framtidig E39 skal gå over Tysnes og Våge, med ferje til Halhjem?

— Det meiner vi i Høgre er ei dårleg løysing. Ein ferjefri stamveg vil tvinga seg fram over Lukksund, gjennom Fusa og over Samnangerfjorden til Os. Då vil det vera bortkasta å bruka tid og pengar på ei mellombels løysing med samband over Våge. Det vil vera betre bruk av ressursane å halda oppe dagens ferjesamband Halhjem-Sandvikvåg heilt til ein ny stamveg er ferdig med bru over Langenuen til Tysnes. Derfrå bør vegen gå langs austsida av Tysnes og over Lukksund, seier Halleraker.

Han vonar at denne løysinga kan oppnå omtale for perioden etter 2015 når Nasjonal Transportplan skal reviderast i 2009.