TERJE ULVEDAL

Hoddevik har takka ja til attval, men eit fleirtal av lokallaga ønskjer ikkje å gje tannlegen frå Selje fire nye år på Løvebakken. Berre sju av 20 lokallag som har sendt inn lister over kandidatar til stortingsvalet, har Hoddevik med på lista. — Det er klart at dette er alvorleg for nominasjonen av han, seier leiar av nominasjonsnemnda, Ingrid Astor.

Ho meiner grunnen kan vere at meiningsmålingane siste åra har gitt bra og stabil oppslutnad om partiet på landsplan, men at dette ikkje viser igjen i Sogn og Fjordane.

— Eg trur mange partimedlemer fryktar for mandatet. Dei vil ha inn meir optimisme og pågangsmot, og er villige til å prøve ei endring for å sjå om det kan hjelpe, seier Astor.

Og den nye kosten som så langt ser ut til å ha størst støtte i kommunepartia, er Edith Aarebrot Madsen (49) frå Flora. Ho sit i dag i fylkestinget. Andre gjengangarar på første listeframlegget er fylkestingsrepresentant Mathias Råheim frå Gaular, Hornindal-ordførar Bjørn Lødemel og reiselivssjefen i Aurland, Noralv Distad.

Sverre Hoddevik er ein politisk veteran i Sogn og Fjordane Høgre. Han var ordførar i Selje før han blei vald til Stortinget i 1997. Frå heimfylket har han fått kritikk for å vere einsidig forsvarar av linja partileiinga har lagt seg på, mellom anna i den økonomiske politikk overfor kommunane.

Det lukkast ikkje Bergens Tidende å få kontakt med Hoddevik i går, men han har gitt nominasjonsnemnda beskjed om at han vil stå løpet ut og at det ikkje er aktuelt å trekkje seg. Nominasjonsmøtet i partiet er 30. oktober.