Stord Høgre har lagt an ein uvanleg krass tone i årets valkamp under leiing av ordførarkandidat Lars Åge Myhre. Det er ikkje måte på kor vanstyrt Stord kommune er økonomisk, ifølgje valprogrammet. Kanskje gir hardkøyret utteljing på valdagen 15. september. Men ifølgje den ferske Opinion-målinga står partiet på staden kvil med berre 11,9 prosent av røystene.

— Me burde stått sterkare. Men Stord er ein industrikommune og ein Ap-bastion, seier Lars Åge Myhre, gründer og eigedomskonge frå Sagvåg som disponerer 15.000 kvadratmeter næringsareal på Heiane, Leirvik og i Sagvåg.

— Me er krasse i kritikken i frustrasjon over at kommunen ikkje ser ut til å nå måla innan skule og omsorg på grunn av den dårlege økonomien, seier Myhre.

— Me har inntrykk av at andre meiner at det rettar seg opp av seg sjølv. På sett og vis skjer det óg, dels på grunn av flaks. Rentefallet representerer åtte millionar kroner i årleg innsparing, tapa på kraftfondet ser ut til å bli tilbakebetalte gjennom auka aksjekursar.

— Likevel må store omleggingar gjerast for å frigjera pengar til tenesteproduksjon. Det er mykje å henta - netto åtte millionar kroner i året – på å gjera det forfeila bu- og rehabiliteringssenteret om til sjukeheim dersom ikkje staten vil overta. Ved å kutta 6-8 administrative stillingar på rådhuset kan fire millionar kroner sparast, seier Lars Åge Myhre, som omtalar SVs eigedomsskatt som totalt forkasteleg.

— Næringslivet slit med små marginar. Det er ikkje plass for fleire byrder. Det vil svekka verdiskapinga på Stord. Og folk flest får ekstraskatt på bustadane sine, seier han og oppmodar Ap til å gje klarare melding om kva partiet meiner om saka.

Ifølgje Opinion-målinga kjem Høgre inn i kommunestyret med fire representantar. Lars Åge Myhre seier at partiet er open for samarbeid med kven som helst, også Ap og SV.