RAGNHILD HOVragnhild.hov@bt.no Hordaland Høgre ville hatt mykje å gle seg over om BTs ferske partimåling hadde vorte resultatet ved Stortingsvalet til hausten.Partiet må like attende til glansdagane på 80-talet for å finne valresultat som liknar på denne målinga. Valresultatet i 1989 ga ein oppslutning på 23 prosent og fire mandat. No går Høgre fram heile 5,4 prosentpoeng frå forrige måling i mars. Pustar i nakken Verre er det for Arbeidarpartiet. Skulle dagens måling verta haustens valresultat, kan Pål Berrefjord skyta ei kvit pil etter stortingsplass. Ikkje sidan 1985 har partiet hatt så låg oppslutning ved Stortingsvalet i Hordafylket.No kjenner ikkje berre Arbeiderpartiet pusten frå dei konservative i nakken. Med feilmarginane som fins i alle meiningsmålingar kan det like gjerne vera Jan Petersen som Thorbjørn Jagland som har flest tilhengarar i Hordaland På det jamne For mellompartia går det meir på det jamne.Kristeleg Folkeparti har gått attende både i høve til siste Stortingsval og til målinga i mars.Det ser altså ikkje ut til at landsmøtet har gjeve positivt utslag for partileiar Valgerd Svarstad Haugland i heimfylket hennar. Men mandatsituasjonen er framleis slik som han var i mars.Bergensarane kan rekna med ordførarskifte til hausten. Ordførar Ingmar Ljones er inne som fylkets siste og 15. representant. Krise for Sp For Senterpartiet er det krise Rune Skjelaaen får ingen tingplass om ikkje partiet klarer å snu valvinden til eigen fordel. Venstre slit også. Lars Sponheim har rett nok 12. mandatet i dag. Men marginane er små mellom siste mandata. Partiet har difor på ingen måte råd til å ta nokon pustepause før opptakten til valkampen. Framstegspartiet ser ut til å ha stabilisert seg etter splittinga tidlegare i vinter. Natåstilhengarane i DLF er enno langt frå mandat. Berre 1,1 prosent oppslutning kan noterast mellom Hordalandsvelgjarene. SV i støtet Då er situasjonen langt lysare på venstrefløyen av partikartet. Sosialistisk Venstreparti er i støtet med ein oppslutning på 11,5 prosent. Partiet har vist jamn framgang sidan nyttår. Men det gjer ikkje nokon ekstra mandatuttelling for partiet. Slik det no står til i Arbeidarpartiet, lek partiet til alle, men aller mest til heimesitjarane. Lekkasjen er etter måten stor til Framstegspartiet og SV.Høgre for sin del tek velgjarar frå alle andre parti. Men gevinsten er størst frå Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti.

Les også: Størst i Bergen Ingen seier på forskudd