Rapportane om mykje orm har vore mange i vår. Som veterinærvakt i Bergen fekk Hilde Røssland i helga inn fire hundar som alle hadde hatt nærkontakt med hoggorm.

— At vi får inn så mange er heilt uvanleg, seier Røssland.

I verste fall kan hoggormbit ende med at hunden døyr. Ein av dei uheldige søndag var blandingshunden Timmy.— Vi hadde vore på ein tidleg søndagstur til Livarden på Totland. På veg ned att begynte Timmy å leike med eitt eller anna på stien. Brått gjorde han eit byks, seier eigar Arve Kvåle. På stien låg ein stor hoggorm.

Kvåle var sikker på at den halvanna år gamle hunden, av typen labradoodle, var biten.

— Eg vart veldig usikker på kva eg skulle gjere, og ringde først sambuaren min. Så ringde vi veterinærvakta, som bad oss kome med ein gong, seier Kvåle.

Livstrugande for hundar

Hoggormbit kan vere farleg både for folk og dyr. Menneske som blir bitne bør kontakte lege eller Giftinformasjonen straks.

— Hundar kan hovne opp i hovudet og få problem med å puste. Dei kan også få ein sjokkreaksjon av gifta. Dette kan vere dødeleg dersom dei ikkje får behandling, seier veterinær Røssland.

Rådet er å oppsøkje veterinær straks. Dersom veterinæren er mindre enn ein halv time unna, er ikkje andre tiltak nødvendig i mellomtida, ifølgje Røssland.

— Dersom det tek lengre tid, bør hunden få kortison for å dempe reaksjonen, seier veterinæren. Ho rår hundeeigarar til å feste ein kortisonampulle til halsbandet, for å ha medisinen tilgjengeleg dersom uhellet er ute.

Timmy vart sendt heim

Timmy viste dei første timane ingen teikn til å ha vorte biten. Han vart difor sendt heim frå veterinæren.

— Vi trudde alt hadde gått bra. Men etter fire-fem timar vart han utruleg dårleg. Han ville ikkje ha mat eller drikke, låg heilt slapp og gjorde frå seg inne, seier eigar Kvåle.

Dermed vart det ein ny tur til veterinæren, der Timmy fekk både intravenøs væske og motgift som roa ned dei allergiske reaksjonane. Etter nokre timar kunne han dra heim.

Både Kvåle og sambuaren, Linda Aasen, er erfarne hundeeigarar.

— Men vi trudde ikkje det ville ta så lang tid før reaksjonen av bitet kom. Dersom vi hadde gått i besøk søndag ettermiddag og latt Timmy vere att heime, veit eg ikkje kva som ville møtt oss når vi kom heim, seier Kvåle.

Fram tidleg frå bolet

Veterinæren seier det er lite som kan gjerast for unngå at hundar blir bitne.

— Dei trur gjerne ormen er noko dei kan leike med. Det vanlege er at hundar blir bitne i hovudet eller føtene. Det gjeld å vere budd, seier Røssland.

Ho har aldri opplevd at hundar dei har fått inn har døydd av ormebit.

— Alle har greidd seg, men det har vore tilfelle der det var nære på, seier Røssland.

Førsteamanuensis og hoggormekspert Dag Dolmen ved NTNU sa til BT tidlegare denne veka at ormen kom tidleg fram i år.

— Vi kan nok treffe på fleire hoggormar i år enn vanleg. Den milde vinteren gjer at særleg fleire ungdyr overlever, sa Dolmen.