– Dersom toget mellom Bergen og Oslo kjem ned i ei reisetid på godt og vel to timar, så kan ikkje flyet konkurrera. Då kan det vera kommersielt interessant både å byggja og driva bana, seier administrerande direktør Sven Christian Ulvatne i NCC Construction AS.

I 2005 frakta flyet 1,25 millionar passasjerar fram og attende mellom Bergen og Oslo, opplyser Avinor. Toget fraktar ca. 600.000 passasjerar over Finse, men ikkje alle av dei skal heilt til Oslo. Dersom lyntoget overtar 60 prosent av flypassasjerane, vil Bergensbana då truleg passera ein million reisande mellom Bergen og Oslo.

Så spørst det om det er nok til lønsam drift av lyntogtrafikk med avgangar kvar time kvar veg.

Høgfartsringen

Høgre lanserte onsdag offisielt Høgfartsringen som ein visjon om lyntogsamband i ein ring Oslo-Bergen-Stavanger-Kristiansand-Oslo. 1000 kilometer til 100 millionar kroner. Svært grovt rekna. I går gjekk ein samla transportkomite, minus Frp, inn for at Høgfartsringen skal vera ein del av det utgreiingsarbeidet som Samferdsledepartementet har tinga om høgfartsbaner i Noreg. Utgreiinga vert utført av tyske ekspertar, og er venta framlagt utpå vinteren.

Modell frå Stockholm

Sven Christian Ulvatne har henta sin modell for høgfartsbana i Stockholm. NCC var med eit aksjeselskap, A-Train, som fekk i oppdrag av den svenske staten å finansiera, byggja og driva Arlandabana. Bana har vore i drift sidan 1999, og kuttar reisetida Stockholm og hovudflyplassen frå 35-50 minutt til 20 minutt.

Då Arlandabana var ferdig, overtok staten eigaransvaret. A-Train hadde på si side sikra seg avtale om retten til drifta fram til 2040.

– Modellen kan eigna seg for høgfartstog mellom Oslo og Bergen dersom det viser seg at det er kommersielt interessant, seier Ulvatne.

Århundrets løft

Han legg likevel til at Høgfartsringen er eit prosjekt som overgår alt anna som norske entreprenørselskap har vore borti.

– Dette er århundrets løft. Om vi slo saman dei 10 største norske entreprenørselskapa, så ville dette vera for stort å finansiera utan hjelp frå store kommersielle interessentar. Men vi har all den tekniske kompetansen som trengst, seier Ulvatne.

Arne Skauge, administrerande direktør i Finansnæringens Hovedorganisasjon, er svært varsam med å spå om korleis dette kan finansierast.

– Det er altfor tidleg å seia noko om dette. Heile risikobiletet må vera klårlagt før finansnæringa kan sjå nærare på noko slikt, seier Skauge.

Mannen bak Høgfartsringen, Høgres Øyvind Halleraker, meiner at staten no har eit økonomisk handlingsrom som gjer det mogleg å ta tak skikkeleg grep om norsk jernbanesatsing. Han viser til at prisen, 100 milliardar, er under halvparten av overskotet på det norske statsbudsjettet for 2006.