Austevoll-ordførar Helge André Njåstad (Frp) ser Selbjørnsfjordtunnelen som første steg mot målet om å knyta øykommunen ferjefritt til både Bergen og Stavanger. Med partikollega Siv Jensen i regjeringsposisjon vil tunnelen til rundt ein milliard kroner vera raskare realiserbar enn med dagens regime — og det utan bompengar, hevdar Njaastad.

I går skipa Austevoll og Fitjar føretaket Selbjørnsfjordtunnelen AS med 5000 aksjar kvar, og ønskjer å få med seg fleire andre kommunar og bedrifter langs kysten på det dristige prosjektet med ein 8,5 km lang tunnel ned mot 360 meter under havflata - hundre meter djupare enn Bømlafjordtunnelen.

Korsfjorden neste

— Deretter blir tunnel under Korsfjorden til Sotra eller under Bjørnefjorden til Os det neste prosjektet, seier Helge André Njåstad til Bergens Tidende.

— Eg har god tru på at Selbjørnsfjordtunnelen kjem med på neste rullering av Nasjonal transportplan om tre år eller den som kjem åtte år seinare, seier ordførar i Fitjar, Agnar Aarskog (Ap).

— Dette er ein historisk dag. Visjonært, på grensa av det som er muleg å få til, sa stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn (KrF) då tunnelselskapet blei skipa om bord i HSD-ferja «Sveio» i går. Sørfonn var ordførar i Fitjar då det for tjue år sidan blei laga eit forprosjekt for Selbjørnsfjordtunnelen. Planen konkluderte då med ein kostnad på 300 millionar kroner og ein døgertrafikk på 1400 køyretøy ved opning i 1998.

Hinder

Korkje Sørfonn, Aarskog eller Njåstad vil dra fram Selbjørnsfjordtunnelen som konkurrent til Kyststamveg-traseen som fylkeskommunefleirtalet har trekt opp via ei bru mellom Stord og Tysnes og ferje mellom Våge-området og Halhjem.

Tidlegare vedtak om Kyststamvegen er berre eitt av hindera tilhengjarane av Selbjørnsfjordtunnelen vil møta når lobbyverksemda for prosjektet no startar. Finansieringsmessig vil tunnelen konkurrera blant anna med Tysnesbrua og andre delprosjekt på Kyststamvegen, dessutan med ei rekkje utbetringsoppgåver som regionvegsjef Ole Christian Torpp vil opprioritera. Det er heller ikkje gjort geologiske undersøkingar i tunneltraseen.