Samstundes som diskusjonen går høgt om omvegen til Skjersholmane, arbeider Stord kommune med å finna den framtidige ferjeterminalen som kan handtera den stadig aukande Kvinnherad-trafikken. Utviklingssjef Tore M. Bjelland trur eit nytt ferjeleie på Stord kan kosta inntil hundre millionar kroner.

Det er halvanna nautisk mil på det kortaste mellom Stord og Kvinnherad (Huglo-Halsnøy). Dagens ferjetur frå Ranavik på Halsnøy til Skjersholmane på Stord er på heile 7,7 nautiske mil. I rushtida byr det på tøffe utfordringar for eit samband som handterer 20.000 bilar i månaden med inntil 25 år gamle ferjer som gjer berre 12 knops fart.

Miljøstopp

Ei prosjektgruppe der Stord kommune og Statens vegvesen er representert vurderer fem ulike terminalalternativ på Stord-sida for framtida. Av dei er Leirvik sentrum det lågast prioriterte, fordi trafikkbelastninga blir altfor stor for strandstaden.

Djupavik på utsida av Leirvik-moloen er trafikalt også ei utfordring. Alternativet vil krevja ein lang tunnel mot E 39 ved Vabakkjen for å unngå at Leirvik blir kvelt av trafikken til og frå ferja.

Sævarhagsvik ved småbåthamna mellom Leirvik og Rommetveit vil gje kortast seglingsdistanse frå Stords «fastland» til Kvinnherad. Men her vil miljø— og trafikkomsyn representera uoverstigelege hinder.

Kvernanes nord for Rommetveit har dei fordelane at det vil gje kort segling og kort fråstand til E 39. Her har også Stord kommune eit rundt 70 mål stort areal som i si tid blei sett av til krigsinvalidheim. Ein ny terminal med molo og dobbel ferjelem vil krevja investeringar på mellom 50 og 100 millionar kroner, ifølgje Tore M. Bjelland.

- Ferdig til 2006

— Samferdsledepartementet opnar for at eit nytt ferjeleie blir teke med i Nasjonal transportplan 2004-2005. Dersom valet blir eit nedkorta samband, bør det stå ferdig til 2006, då Halsnøysambandet etter planen skal vera ferdig, seier utviklingssjef Tore M. Bjelland i Stord til Bergens Tidende.

Bjelland meiner at Leirvik burde kunna levd med ei treferjeløysing enno ei tid. Han avventar resultatet av ein trafikkanalyse av ferjetrafikken mellom Kvinnherad og Stord. Dersom ein stor del av trafikken er orientert sørover mot Haugesund, styrkjer det posisjonen til Skjersholmane. Ein stor og god ferjekai som ikkje krev nyinvesteringar i særleg grad.