— Stakkars folk som må jobba her, seier kundar til personalet i Rema 1000-butikken på Ulset. Butikken slit med å halda temperaturen nede inne i lokala i sommarvarmen. Betjeninga seier dei har målt 36 grader på lageret, medan det inne i butikken har blitt målt 34 grader.

— Det er heilt forferdeleg. Enkelte dagar går eg rundt med hovudpine, fortel Jan Petter Kalstad som er tilsett i butikken.

Ta pause

Høgre-politikaren Einar Kaarbø er eigar og sjef for butikken. Han er ikkje kjent med at det er målt 34 grader inne i butikken, men er samd i at temperaturen er for høg.

— Eg synest heller ikkje det er så veldig triveleg. Vi får berre gjera det beste ut av det. Eg har sagt til betjeninga at dei får ta ekstra pausar og å ta seg drikke. At det blir så varmt er eit beklageleg faktum, så eg får berre finna meg i at dei tilsette ikkje held tempoet oppe på same nivå som vanleg. Vi gjer det vi kan for å gjera det best mogleg, seier Kaarbø.

Nye kjølemaskinar skal i følgje Kaarbø vera på plass, og ventar berre på å bli montert av elektrikar. Når dette er på plass trur Kaarbø temperaturen i butikken vil gå ned.

Reagerer ulikt

Då BT besøkte butikken onsdag føremiddag målte vi 31 grader inne i butikken. Dette syntes personalet var kjølig samanlikna med korleis det er på det verste. Dei tilsette reagerer ulikt på varmen, men nokre klagar på hovudverk og kvalme. Viftene i taket gjer berre vondt verre, og er difor slått av. Fri tilgang på drikkevarer er det einaste butikkpersonalet kan kjøla seg ned på. Ingen av dei tilsette i butikken er organiserte, og det fins ingen tillitsvalde. Kaarbø er sjølv verneombod. Personalet har vore i kontakt med arbeidstilsynet, men dei vil ikkje stilla opp utan at eigaren ber dei om det.

Ingen sjokolade

Butikkpersonalet fortel at det varme vêret fører til færre kundar. Kundane kjem helst om morgonen eller ut på kvelden.

Kjøle- og frysediskane i butikken har til no klart seg greit i varmen. Men butikkpersonalet fryktar at belastninga frå varmen kan bli ei for stor belastning for apparata.

Høg innetemperatur går òg ut over enkelte matvarer. Sjokoladen smeltar og butikken har mellombels gitt opp sjokoladesalet. Inne på lageret nærast kokar hermetikken, så det er ingen god lagringsplass for hermetikkvarer.

VARMT SAL: Kunde Kenneth Bergesen tørkar sveitte, og konstaterar at temperaturen kryp til 31 grader. I bakgrunnen ekspeditør Ane Nordeide.
FOTO: JAN M. LILLEBØ