— Det må tolast, seier leiaren av Forum Nye Bergensbanen (FNB), ordførar Bjørn Christensen på Voss.

Han meiner at Bergensbanen rotnar på rot om ikkje reisetida vert kutta.

— Først må vi få på plass Ringeriksbanen, om naudsynt med omkamp i Stortinget om trasévalet. Så må det rettast ut svingar langs heile strekninga, seier Christensen.

FNB har sett konsulentar i sving med utgreiingsarbeid. Siktemålet er reisetid frå Bergen til Oslo ned mot fire timar, og Bergen-Voss på tre kvarter, mot over ein time i dag. Planen skal presenterast for samferdsleminister Liv Signe Navarsete om halvanna veke.

Dobbeltspor Bergen-Arna reknar han med er sikra.

Utfordringar heile vegen

— Ringeriksbanen vil ta det største jafset. Vi har også planar klare for utretting på strekninga Trengereid - Takvam, opplyser Inge Hjertaas i Jernbaneverket.

Ved Trengereid ligg jernbanelina i same trasé som i 1883. Då vart Vossebanen opna med kurveradius ned til 185 meter.

— Men ytterlegare ein times reduksjon av køyretida får de ikkje til?

— Det meste er mogeleg, men skal du vesentleg under fem timar, må Bergensbanen skifta karakter; lengre tunnelar, og mindre attraktiv for turistar.

— Kvar ligg utfordringane?

— Heile vegen. Sjølv nedover i Hallingdalen er det avgrensa plass mellom fjellet og ei buktande elv. For å få bein line, må vi inn i fjellet nokre stader, og kryssa dalføret andre stader, seier Hjertaas.

Potensial uansett

— Sjølv om det skulle bli bygt høgfartsbane etter ein annan trasé, har Bergensbanen potensial til konvensjonell togtrafikk, meiner visekonsernsjef i NSB, Rolf Roverud.

Han viser til sterkt aukande godstrafikk, lokaltrafikken på Vossebanen, turisttrafikken med korrespondanse til Flåmsbana og trafikk til og frå sykkelveg, hotell og hytteområde på høgfjellet, på Voss og i Hallingdal.

Difor stiller han seg positiv til utspelet frå fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sist måndag. Hordaland Fylkeskommune ønskjer modernisert togtur mellom Bergen og Myrdal.

— Korkje desse investeringane eller andre utbetringar langs Bergensbanen vil vera bortkasta. Det er ingen grunn til å legga slike prosjekt på is i påvente av høgfartsbane, seier Roverud.

Også den nye regiondirektøren i Jernbaneverket, Lars Christian Stendal, stiller seg positiv.

— Tiltak på Vossebanen han høva som det plasteret på såret som vart lova då Ringeriksbanen vart lagt på is av Stortinget, seier han.

TAPER UTSYN: Høgare fart krev rettare jernbaneline, meir i tunnel og mindre utsyn frå toget på Bergensbanen.
Maria Bjørnsen Bokneberg