Utforkøyringa skjedde litt før klokka 12 etter passering av ein møtande bil. Bussen kom utfor asfaltkanten på den smale og snøglatte vegen og mista styringa.

Det var 24 personar i bussen. Bergen Flyers var på veg til Stavanger for å møta Viking i ein 1.divisjonskamp. Kampen måtte utsetjast ettersom bergenslaget mått venta i over tre timar før bussen blei løfta på vegen att. Uhellet skjedde ikkje langt unna der turnébussen til ei svensk rockegruppe køyrte utfor vegen 27.oktober i fjor.

I GRØFTA: Ishockeylaget Bergen Flyers slapp utan personskade frå utforkøyringa på E 39 på Stord laurdag.