— Meldingane gjennom media blir så unyanserte. Sørfjorden er trass alt fem mil lang. Giftproblema handlar berre om den inste delen, seier eks-fiskar Kåre Grønsnes på Aga i Ullensvang.

Rektoren på Vikebygd skule på Nå veit kva han snakkar om. Frå 1997 til 1999 hadde han permisjon frå skulen og var fiskar på heiltid i Sørfjorden og Hardangerfjorden. I dag overvakar han fisken i fjorden som hobbyfiskar og saman med elevar i prosjektarbeid.

— Fjorden betyr så mykje for så mange. Derfor slår óg meldingar om forureining så negativt ut. Me blir leie oss, seier Grønsnes.

— Dette er jo reprise-meldingar. PCB-alarm hadde me også for få år sidan. No må etterkvart dei ansvarlege finna kjelda for forureininga. Nokon må vita noko og stå fram med det, meiner Kåre Grønsnes.

Nye fiskarar

Kåre Grønsnes meiner miljøgiftene er djupt beklagelege. Han trur at dei stadige giftmeldingane har fått hardingane til å eta mindre fisk enn før. Men han ser også gledelege teikn.

— Eg har snakka med to mann herifrå som ønskjer å bli yrkesfiskarar. Den eine har jobba på smelteverket i Odda. Og det er to forsøk med skjeloppdrett i Ullensvang. Ekspertane seier at Sørfjorden og Eidfjorden høver perfekt grunna brakkvatnbalansen og fråværet av ærfugl, seier Kåre Grønsnes.

Ifølgje rektoren frå Aga er Sørfjorden sine fiskeressursar undervurderte. Her er mengder av torsk og breiflabb, lyr, sei og djupvassfiskar som brosme og lange. Sjølv fiska Grønsnes også ål den gongen han dreiv yrkesfiske frå eigen sjark.

Men eg gjekk aldri innforbi Odda-grensa, seier Kåre Grønsnes. Og understrekar på ny at jakta på forureiningskjeldene i Indre Sørfjorden må intensiverast.

Åtvaringar mot sjømat frå Sørfjorden (Kosthaldsråd)

Statens Næringsmiddeltilsyn har åtvara folk mot å eta sjømat frå Sørfjorden grunna ulike former for ureining. Kosthaldsråda gjeld framleis.

Kvikksølv

Høge verdiar av kvikksølv gav kosthaldsråd mot å eta fiskekjøt/filetar frå torsk fanga innanfor Måge meir enn ein gong i veka. Gravide bør ikkje eta torsk frå Sørfjorden i det heile.

Kadmium og bly Høge verdiar av desse tungmetalla gav råd mot å eta (blå)skjel frå Sørfjorden.

PCB

Etter målingar av ekstremt høve verdiar av PCB i blåskjel (mangedobla sidan i fjor) nær Tyssedal frårår SNT folk å eta fiskelever frå Sørfjorden.