Først fekk ho høyre: Slike som deg vil Norge ha. Vi treng deg.

Så blei det stille: Uønskt på jobb, kollegaene forsvann, tøff økonomi. Det var som om noko stod stempla i panna til Gjertrud Hannasvik.

Ho oppdaga det som blei vente­listeskandalen ved Bærum sykehus i 2009. Sjukehuset triksa med ventelistene. Blant anna kreftpasientar blei liggjande udiagnostiserte. Tre pasientar fekk truleg kortare levetid. Sjukehuset fekk ei bot på fem millionar kroner.

Gjentatte gongar varsla Hannasvik internt. Ho sende melding til sjefar oppover i systemet, til liten nytte. Til slutt varsla ho Helsetilsynet.

Gjertrud Hannasvik blei ein varslar. Dette endra livet hennar.

- Det var avvisning og stigmatisering over år. Eg hadde aldri trudd at det skulle skje.

Sidan har ho ikkje jobba i helsestellet.

Valet som ikkje var

Det er tolv år sidan Tønne-saka og ti år sidan Siemens-skandalen, dei to første, store varslarsakene i Norge. Sidan kom varslingsparagrafen, som skal gi rett til å varsle og vern mot gjengjelding for varslinga.

Nokre av varslarane har angra, konsekvensane blei for store. Som Siemens-varslar Per-Yngve Monsen:

- Andre i same situasjon bør tenkje seg svært nøye om før dei varslar, sa han til Aftenposten alt i 2006.

I dag bur Gjertrud Hannasvik i Stange i Hedmark, langt unna Bærum sykehus. For hennar del kjentes det ikkje som eit val den gongen i 2009.

- Det er eit samfunnsansvar for meg å seie at eg sjølvsagt ville gjort det igjen. Om alle varslarar skal angre, er det berre eit tidsspørsmål før ingen tør å varsle.

Ho og mannen driv sy— og hobbybutikk i sentrum av Stange. Jobbtilboda stod ikkje i kø etter varslinga. I dag har Hannasvik gitt opp å få andre arbeidsgivarar enn seg sjølv. Ei eiga bedrift var «den einaste sjansen», ifølgje henne.

To typar

Hannasvik seier ho framleis merker konsekvensane av samvits­valet ho tok.

- Eg blei spedalsk for helse­stellet, slik oppfatta eg det. Det var som om eg hadde skapt problemet. Dette var eg ikkje budd på.

Varslarar finst grovt sett i to grupper. Den største er dei som varslar om ein nær medarbeidar eller leiar. Den andre er der det handlar om ukultur eller lovbrot i heile organisasjonen, og der toppleiinga er involvert.

For den første gruppa går livet som regel bra vidare.

- Flesteparten er framleis i jobb, dei fleste til og med i same jobben som då dei varsla, seier Brita Bjørkelo, første­amanuensis ved Politihøgskolen.

Den andre gruppa er dei som i størst grad møter problem. Sjølv i dei største og mest prisa tilfella - som Monika-saka - blir det lett represaliar, trekker BI-professor Stig Berge Matthiesen fram.

- Vi gjorde ein stor studie i 2008 av både alvorlege og mindre alvorlege varslingar. Då fann vi at ein av ti blei utsette for represaliar. I dei mest alvorlege tilfella er sjansen for gjengjelding mykje større. Om du tar Robin Schaefer, er det mykje merksemd rundt hans sak. Det skal mykje til før nokon tør å ta direkte grep mot han. Men dei stille grepa, som å hamne nedst i søkjarbunken, kan skje, seier BI-professor Matthiesen.

Utfrysing og kald skulder

- Botnlinja er at du gjerne ikkje kan bli sparka, men det kan bli svært utriveleg for deg. Ei slik sak er psykisk belastande, seier Matthiesen.

Hannasvik seier det slik:

- Det blir taust og stille rundt deg. Som varslar opplevde eg å bli utsett for massiv gjen­gjelding, men eg kan ikkje bevise det.

Bærum sykehus og Vestre Viken helseforetak har tidlegare anerkjent Hannasvik som varslar. Ho fekk i ettertid blant anna Kreftomsorgsprisen.

Ekspertar kjem med fleire vanlege trekk for dei mest alvorlege sakene:

Du blir møtt med ei kald skulder og opplever utfrysing. Plutseleg er det møter utan at du er med, eller sosiale tilstellingar utan invitasjon.

Du får vanskar med å finne ny jobb, eller klare å vere i jobb i det heile tatt. Belastninga kan vere så stor at du får psykiske problem. Ekstreme tilfelle kan gi posttraumatisk stressyndrom.

Ofte blir varslingssaka undervegs gjort om til ei personalsak, der du blir den vanskelege medarbeidaren som ikkje klarer å tilpasse deg normene og bedriftskulturen. Varsling om kritikk blir gjort om til kritikk mot deg.

Forandringa

- Eg lurer på om det finst kurs blant toppleiarar om korleis gjere varslingssaker til personalsaker, seier Toril Wik, bergensadvokat som har hjelpt ei lang rekke varslarar.

Det første teiknet på at ein varslar er i ferd med å bli ein brysam medarbeidar, er innkalling til møter utan agenda. Deretter blir det typisk skrive eit referat om kor problematisk du er, ifølgje Wik.

- Det handlar om evna til å tole kritikk. Å seie «her har vi gjort ein feil», er nok til å få ord på seg som vanskeleg.

Frå Hannasvik er beskjeden todelt: Ja, ho hadde varsla igjen om ho kunne tatt valet på nytt ved Bærum sykehus. Men ho kjem aldri til å varsle om ei ny sak.

- Du blir ikkje den same etterpå. Eg hadde ikkje tolt å varsle ein ny plass. Du blir heilt «Viggo vennelaus». Eg gjekk frå å vere ein populær avdelingsleiar, med gode resultat frå 50 folk rundt meg, til å sitje igjen med tre vennar på jobb.

Det psykiske skroget

Varslingsparagrafen kom inn i lovverket i 2007. Evalueringar frå i haust konkluderer med at vernet i hovudsak verkar - og særleg for dei som varslar om ein kollega eller mellomleiar. Dei færraste opplever, trass alt, represaliar.

Men for hennar del hjelpte paragrafen ikkje, meiner Hannasvik.

- Eg trur ikkje vi ønskjer varsling i Norge. For meg er det ein floskel. Då evalueringane sa at varslarvernet fungerer, tenkte eg: Kven skal verne meg?

Etter at varslingssaka etter dødsfallet til Monika Sviglinskaja byrja å rulle, har ho følgt med. Ho har tenkt mykje på Robin Schaefer.

- Eg håpar nokon passar på han.

Birthe Eriksen, stipendiat ved juridisk fakultet på UiB, meiner på same måte at dei mest alvorlege tilfella, som Monika-saka, utfordrar konklusjonane om at varslarvernet står sterkt. Ho opplever at varslarane blir omtalte som brønnpissarar, kverulantar og oppviglarar.

- Mange av desse fordommane kjem fordi vi har ei umoden forståing av kva varsling er, seier ho.

I Stange satsar Gjertrud Hannasvik på ei framtid med hobbybutikken. Det er butikk på dagtid og kurs på kveldstid for å få det til å gå rundt.

- Eg står jo på beina, eg er fysisk frisk. Men du får ein svakheit i det psykiske skroget som aldri kjem til å bli bra igjen.

Leiinga ved Vestre Viken Helse­foretak opplyser at sjukehusa har utarbeidd gode rutinar for varsling, men at dagens leiing ved Bærum sykehus er ny. Dei har difor ingen kommentarar til saka.