E16 mellom Bergen og Voss skal under lupa. Risikomoment skal lukast ut.

— Vi skal opna verktyskrinet og sjå kva som kan gjerast av strakstiltak, seier seksjonsleiar Trude T. Andersen i Statens vegvesen på Voss.

Dei meir langsiktige løysingane omfattar rehabilitering av den endelause rekka av tunnelar, og nye tunnelløp, eit planarbeid leia av Arnfinn Ansok, som tidlegare er omtala i Bergens Tidende.

Trude T. Andersen tek fatt på sitt arbeid i Vaksdal kommune straks. Det er alt avtala møte med kommune, skular, politi og andre instansar.

Må køyra omveg

— Eg ser for meg mange enkle tiltak som skilting, betre merking og betre lys, men er open for innspel som måtte koma frå andre, seier Andersen.

Ho vurderer også å stenga for avkøyrsle til venstre, mellom anna til Skreien. Dermed unngår ein kryssing av motgåande køyrefelt. Trafikantane må dermed køyra forbi avkøyrsla, snu på ein meir oversiktleg stad, og køyra attende slik at ein kan ta høgresving ut av europavegen.

E16 var sterkt ulykkesbelasta dei første åra etter opninga i 1991. Ulykkestala gjekk ned då fartsgrensa vart redusert til 70 km/t på enkelte strekningar, utpeika av dåverande i Vaksdal og Modalen, lensmann Kjell Ove Baardtvedt.

Etter Vaksdal, står Voss kommune for tur i den nye analysen.

Midtdelarar i Bergen

Eit anna analyseprogram er sett i gang på E16 mellom Vågsbotn og Trengereid. Her står midtdelarar i fokus.

— Det store problemet er vegbreidden. Skal utrykkingskøyrety koma fram, trengst breidde tilsvarande tre køyrebaner, seier Olav Finne. Han er Statens vegvesen sin underdirektør for Hordaland.

Mellom Os og Bergen blir det prøvt ut ei ny midtline i vegen, utfrest i asfalten. Den gir betre varsel til bilførar som kjem over på feil side, utan at omgjevnadane vert utsett for støy.

— Nyvinninga vil ikkje fullt ut kunne erstatta midtdelarar, men teoretiske utrekningar indikerar at møteulykker kan reduserast med bortimot 40 prosent, seier seksjonsleiar for trafikktryggleik i region Vest, Svein Ringen.

Kva meiner du må gjerast med vegen frå Bergen til Voss? Sei di meining i kommentarfeltet nedafor.