Tett inntil den sterkt trafikkerte europavegen foregår eit uvanleg integreringsprosjekt på sauebeitet. Ein halvtanna år gammal hjort beitar og leikar seg blant vêrar og søyer som om han var ein fullt akseptert del av flokken.

— Dei ser ut til å vera vél forlikte, ja, seier Tysvær-bonde Reidar Våg. Han måtte til og med jaga hjorten ut av sauefjøset då han slo følgje med sauene inn.

Uredd

Beitet med hjorten og saueflokken ligg like ved vegkrysset der E134 møter E39 ved Våg i Tysvær kommune i Nord-Rogaland, like sør for grensa til Sveio. Her hoppar og leikar hjorten uredd rundt blant sauene, et gras og kviler seg på bakken saman med dei ullkledde.

Reidar Våg la merke til at hjorten etter kvart menga seg med vêrane han sende på beite under lemminga ved påsketider i år. Det er tale om ein såkalla spissbukk, fødd på vårparten i fjor.

Enkelt bytte

Årets hjortejakt starta 1.september, og spissbukken i Våg vil vera eit enkelt bytte for hjortejegerar.

— Eg tvilar vel på at nokon vil skyta denne, men du veit aldri, seier sauebonden.

Johan Trygve Solheim, dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter i Flora fortel at hjorten er eit sosialt innretta dyr, og at det ikkje er overraskande at hjorten i Tysvær finn seg så godt til rette blant sauene.

— Slikt skjer gjerne med kalvar som misser mora, til dømes i jakt eller ved påkøyrsle, seier Solheim.

Tilbake til flokken?

— Denne kalven har kanskje vore foreldrelaus i vinter, og har så funne sin plass i saueflokken.

- Men korleis vil han klara seg når sauene skal inn til vinteren og lamma er sende til slakt?

— Han vil mest truleg halda seg i området ei stund, og kan etter kvart få kontakt med sin eigen hjorteflokk. Men det er klart at han ikkje lenger er like sky som andre hjortar, og er særleg utsett under jakta, seier Johan Trygve Solheim.

TRYGG?: - Eg tvilar vel på at nokon vil skyta denne, seier sauebonden.
OVE OLDERKJÆR