Sportsfiskarane Olav Moldestad og Anders Hovland kom over to kadaver ved ei elv for snart 14 dagar sidan. Det eine dyret, ein kalv, har framleis tre synlege hol i sida. Også i sjølve Nærøyfjorden skal det ha blitt observert hjortekadaver flytande.

Dei to fiskarane melde frå om funna til politiet på Voss, utan at det blei reagert. Dei tok deretter kontakt med lensmannen i Aurland. Sist onsdag, kring ei veke etter at kadavera blei oppdaga, starta politiet etterforsking. Moldestad og Hovland meiner det er svært kritikkverdig at politiet venta så lenge.

Det er Sogn Avis som fortel historia om hjortekadavera i gårsdagens utgåve. Avisa har lagt foto av dei daude dyra og hola i skrottane fram for ein våpenekspert. Han trur på tjuvskytingsteorien.

— Frå fotografia ser dette ut som skothol, seier Hermann Erdal, skyttar, jeger og eigar av ein våpenforretning i Førde.

Politiet avviser derimot at det er snakk om krypskyting. Dei meiner hola er laga av fuglar og insekt som har forsynt seg. Politiet meiner dyra har blitt tatt av ei flaumstor elv og ført nedover.

— Kvifor skulle nokon skyte hjort for å la kadavera liggje? spør lensmann Kjell Nordgulen.

Både den kommunale viltnemnda og Statens Naturoppsyn stolar på at politiet har trekt rett konklusjon. Men leiaren i viltnemnda i kommunen, Trygve Skjerdal, er likevel kritisk.

— Måten politiet har handtert denne saka på er underleg, seier Skjerdal.