— Brått dukka det opp to store dyr frå skogkanten. Klokka var då om lag ni på kvelden. Eg må vedgå at hjarta gjorde eit hopp, fortel Vike.

Han måtte krypa 50 meter for å koma på skothald. Først tok han kalven som stod med breisida til. Den fall rett om. Kua rusla då bort, men kom attende for å sjå etter kalven. Nok ein fulltreffar frå Knut gjekk inn, og felte dyret. Kua sprang 50 meter før den fall om. Det er ikkje uvanleg ved hjarteskot.

Burdalen-Kvitli hjorteviltlag har to jaktlag. Det eine på Bordalen, og det andre her på Kvitli. Samla har me kvote på fire elgar, fortel Lars Istad til avisa Hordaland.