I november søkte nemleg Hyllestad etter kommunelege. I utlysinga lokka dei mellom anna med godt jaktterreng og sjanse til å bu på småbruk.

No har sognekommunen fått snøret i bånn. I mars er den tyske legen Uwe Malitius på plass i Hyllestad som kommunelege I.

Fått fire løyve

— Eg har alt fått fire hjorteløyve i boks, fortel ein glad tysk lege på telefon til Bergens Tidende. I mars går flyttelasset frå Sirdal i Telemark der han jobbar i dag til Ytre Sogn.

Malitius legg ikkje skjul på at utsiktene til friluftsliv og å gå på hjortejakt er den kanskje aller viktigaste grunnen til at han flyttar til Ytre Sogn.

— Eg har alltid vore veldig interessert i jakt.

Noko eige jaktterreng har eg derimot ikkje fått leige enno. Men eg veit om fleire grunneigarar som leiger vekk jaktterreng både i Hyllestad og nabokommunen Fjaler, så eg trur ikkje det skal by på noko problem. Faktisk reknar eg det som heilt sikkert at også det skal ordne seg, seier Malitius.

Småbruk på hand

Og han har dessutan eit småbruk på hand.

— Ja, eg har alt fått hus, og avtale om å kjøpe det. Det ligg stilt og roleg til i Høydalen, men samstundes ikkje alt for langt frå andre gardar og sentrumsområdet. Nett slik eg vil ha det.

Malitius legg ikkje skjul på at han ser fram til å flytte til Hyllestad.

— Hus og jaktterreng var eit krav frå mi side.

Kommunen har gjort ein kjempejobb med å legge forholda til rette, seier han.

Utan lege i eit halvt år

I eit halvt år stod Hyllestad utan fast tilsett lege. Ei vikarordning blei løysinga etter at begge doktorane sa opp i fjor. Før jul takka ein av legane som har vikariert mykje i kommunen ja til fast stilling. Og i mars får kommunen også på plass kommunelege I, eit knapt år etter at førre kommunelege I sa opp.

— Då vil vi ha full legedekning, slår seksjonsleiar for helsetenestene, Kristen Holt, fast.

Han seier at tanken bak den spenstige utlysinga var å sy saman eit heilskapleg opplegg som kunne gjere det interessant for legar å søkje utkantkommunen.