– Eg trudde først det var is og stein som losna oppe i skråninga, og eg sette meg godt inn bak ei stor furu for å vera trygg. Då såg eg hjorten koma susande gjennom lufta, og ferda stoppa berre tre meter frå der eg sat, seier Sveinung Brusegard til Sogn Avis.

Han var på jakt søndag føremiddag då den spesielle jaktopplevinga fann stad.

Trur hjorten snubla

— Dyret hadde brote ryggen og var bevisstlaus då det landa. Eg måtte berre bort og stikke det med kniven, så det var veldig lettvint, seier Brusegard.

Han trur hjorten hadde snubla på det glatte føret og ramla utfor det bratte fjellpartiet rett over der han sat.

Det var ei hjortekolle på rundt 55 kilo som nærast hamna i fanget på Brusegard.

Julemat

— No heng dyret til mørning i garasjen, seier han og ser ikkje bort i frå at hjorten kan bli julemat.

Fellingsløyvet til Brusegard var eigentleg eit bukkeløyve, men jaktmyndigheitene hadde stor forståing for at han sat igjen med ei kolle i staden for bukk.

– Eg sa at eg kunne jo ikkje styra kva som kom frå himmelen, og det var det ikkje så lett å ar-gumentera mot, seier Brusegard.

Han har aldri høyrt om ei liknande jakthistorie, og synes nesten merksemda i etterkant har vore litt i overkant. Sjølv er han allereie ute på jakt igjen.

— Men eg har lita tru på at eg vil oppleve noko liknande, ler Brusegard.

Privat