EYSTEIN RØSSUM

Politimeisteren i Ålesund har etterlyst 46-åringen med fullt namn og bilete, etter at presten ikkje møtte for å sone ein dom på seks års fengsel. Han vart i fjor funne skuldig av Høgsterett for grove overgrep mot tre av sine eigne barn og mot ei Hordalands-kvinne han var sjelesørgar for.

Sjølv hevdar mannen at han er utsett for justismord. I januar uttalte han til Dagbladet at det er uaktuelt å melde seg, og at han vil arbeide vidare for å reinvaske seg.

Mannen er også dømt til å betale 330.000 kroner i erstatning til sine tre barn, og 280.000 kroner til Hordalands-kvinna. Han mista dessutan retten til å vere prest og sjelesørgar på livstid.

Møttest på seminar

I fjor haust deltok den sexdømte presten på ein seminar i regi av «Gruppen til familiens selvstendige rett», eit bergensbasert nettverk som vart stifta i 2002. Dei oppgir sjølve å ha over 450 personar knytta til seg, og var sist i søkjelyset etter at dei la ut svartelister på internett med namn på «maktpersonar i barnevernet».

— Eg møtte presten på dette seminaret på Oppdal. Eg har fått alle sakspapira av han, og arbeider med å gå igjennom dei. Eg er ganske sikker på at vi har å gjere med eit justismord, seier Ole Texmo, ein av deltakarane i «Gruppen til familiens selvstendige rett».

Texmo seier han for tida har sporadisk kontakt med presten via telefon.

- Han er i landet

Også ei av bergenskvinnene som var med og grunnla nettverket seier ho har kontakt med presten og prøver å hjelpe.

— Eg snakkar med han på telefonen eit par gonger i døgnet. Det er også folk frå omgangskrinsen som hjelper han, seier kvinna.

— Veit du kvar han er?

— Eg har ei viss kjensle av det, for å seie det slik. Han er her i landet, så mykje kan eg fortelje, seier kvinna, som sjølv har hatt ein langvarig konflikt med barnevernet.

Politimeister Arne S. Karoliussen i Ålesund åtvara i går mot å hjelpe mannen med å halde seg skjult.

— Vi forstår det slik at han kan ha fått ein del hjelp. Til det vil vi seie at hjelparane kan pådra seg straffansvar, sa Karoliussen til Dagbladet.

Det bryr ikkje bergenskvinna seg om.

— Politiet er ein stor, grov vits. Dei har jo sjølve vore med på overgrepa mot mannen, seier kvinna.

Frontkvinna taus

Mona Lygre i Bergen, som har vore frontfigur i «Gruppen til familiens selvstendige rett», ville i går ikkje svare på spørsmål frå Bergens Tidende om saka.

— BT har gjort alt de kan for å kriminalisere oss, seier Lygre.

Heller ikkje Rune Fardal, ein annan aktiv mann i nettverket, vil svare på om han har hatt kontakt med mannen.

— Det kan eg ikkje seie noko om til deg. Vi føler ikkje at BT er den mest objektive avisa i slike saker, seier Fardal.