Nordhordlandskommunane Lindås, Meland, Radøy, Masfjorden og Austrheim startar i haust opp med kurs for såkalla treningskontaktar. Ein treningskontakt er mykje som ein støttekontakt, berre at trening er føremålet.

— Ein treningskontakt er ein kontakt for personar som har ei funksjonshemming, ein rusproblematikk eller andre som treng oppfølging for å vera fysisk aktive, fortel Nina Randal, dagleg leiar i Meland frivilligsentral.

- Har ikkje lyst til å trena åleine

I løpet av hausten skal nordhordlandskommunane utdanna 30 treningskontaktar. I 2012 og 2013 vert det også kurs. Sjølve kurset er det Hordaland idrettskrets som har regien for.

— Ved å utdanna treningskontaktar jobbar me målretta mot idrettens motto «Alle skal med». Me veit av erfaring at det å få trent kan vera ei stor utfordring for dei som kanskje treng det mest, seier Randal.

— Me ønskjer å leggja til rette for fysisk aktivitet for mange som treng det, og som ønskjer å trena, men som ikkje har lyst til å gjera det åleine.

Randal kjenner seg sikker på at treningskontaktane vil få meir enn nok å gjera på, for behovet er der.

Kurs med låg terskel

— Målet er at alle skal med, og at idrettslaga skal vera opne for alle, også dei med nedsett funksjon, seier Randal.

Kurset består av 50 prosent teori og 50 prosent praksis. Ein er innom tema som ernæring, psykiatri, treningslære og tilpasning av aktivitet for funksjonshemma.

— Alle skal kunna delta. Kursa har ein låg terskel, seier Randal.

At heile fem kommunar samarbeidar om eit prosjekt som dette, er unikt, meiner Randal.

— Det er veldig spesielt at fem kommunar slår seg saman for å ha kursa. Det er kjekt.

FØRSTE PADLETAK: Ole Petter Haugen er klar for sin første padletur, på land Audun Håland og Ole Petter si mor Olaug Kolås. Foto: Atle Vaage.