— Vi står heilt opprådde, vedgår Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen.

Iskald asfalt utan snø, slaps eller is, har dei ikkje remediar mot.

Salting nyttar lite.

Strøing er heller ikkje effektivt, uansett om sanden er kald eller varm.

Polert rimfrost

I den nedbørsfrie kulda dannar det seg rimfrost på asfalten, som deretter blir glattpolert av bildekka.

— Piggfrie dekk verre enn piggdekk?

— Piggfrie dekk polerer best. Situasjonen hadde vore enda verre med ein lågare prosentdel piggdekk, akkurat i denne samanhengen, seier Aldal.

- Kva med varm sand?

— Den er effektiv på låge temperaturar, men berre dersom sanden har snø å bita seg fast i. På bar asfalt er varm sand like lite effektiv som kald. Sanden blir blåst av vegen av første vogntoget som kostar forbi, forklarer Aldal.

Køyr sakte!

Han har berre eitt råd til bilistane; ta det med ro. Det er glatt på E16, og Vegvesenet klarer ikkje å auka friksjonen på den sterkt trafikkerte stamvegen før vêrtilhøva endrar seg.

Har du nokre gode råd å koma med?