Frå årsskiftet får Vestlandet seks distriktsvegkontor, i Bergen, Førde, Leikanger, Haugesund, Stavanger og på Voss. Men distrikta manglar framleis namn.

Regionsvegsjef Ole Chr. Torpp er på jakt etter betre namn enn dei som vart brukt i utgreiingsarbeidet; Sogn og Fjordane nord og sør, Hordaland aust og vest, Haugaland og Rogaland. Han smattar på namn som Bergenhus, som Hæren ikkje lenger bruker, og Bjørgvin.

— Kvifor ikkje Vegkontoret i Bergen, på Voss, i Førde osb.?

— Det har vore vurdert, men forkasta. Vegdirektoratet vil heller har namn som avspeglar distriktet, ikkje kontorstaden, seier Torpp. Problemet er at grensene ikkje fyljer geografiske inndelingar med greie namn frå før. Sjølv i Sogn og Fjordane avvik grensedraginga frå det tradisjonelle skiljet mellom Fjordane (Nordfjord/Sunnfjord) og Sogn.

Voss og Hardanger har fått med Kvinnherad og ei stripe kommunar nordover til Modalen. Og Bergen-distriktet kan vera enda vanskelegare å namnsetja. Har du eit genialt framlegg, send det til våre debattsider.

SJEF UTAN LAND: Kva region er Ole Chr Torpp sjef for?
ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ