Der folk tidlegare har vore nøydde til å gjere sitt fornødne i busker og kratt, kan dei no stige inn i eit av dei mest spesielle toalettbygg i landet.

Toalettanlegget er berre til bruk i sommarhalvåret. Utan isolasjon er det laga ein konstruksjon slik at lys og luft slepp både ut og inn. Kanskje er ikkje det siste minst viktig.

Toalettanlegget er plassert med panoramautsikt på oppstiginga frå sognesida. Men samstundes som naturopplevingane i området er store, er området også sterkt prega av menneskeleg aktivitet, mellom anna veg og kraftutbygging. Dette gjorde at vegvesenet valde å gjere motsette av normalen. I staden for å lage eit bygg som i størst grad underordnar seg naturen, er meininga at byggjet skal danne ein kontrast til omgjevnadene.

I tillegg til at det er brukt uvanleg materiale er også bygget lyssett slik at det vil framstå som opplyst innanfrå når det er mørkt ute.

— Bygget vil bli gjenstand for diskusjon omkring estetikk, og det er meininga, understreka vegvesenet i ei pressemelding som blei sendt ut i går.