Eg é jo ikkje tå den typen so klara å kasta noke heller, då. Da skal eg ha. Syns og da é tåssje å gje vekk te Fretex ting ein har fått. Skulle tatt seg ut om da blei oppdaga.

I år har eg begynt på den 3. stabelhaugen på soverommet, ette å ha forsterka og blokka ut kleskapet på soverommet i mången år. Bere ein krok står tom. «Skal tidlig krøkast som god krok skal bli.» Da é nesten sånn at eg har gått og kvidd meg te å få mjuke pakke te jul. Har jo for so vidt alltid gjort da då, men no é da dobbelt gale. É ikkje stort bedre med harde pakke heller, for so vidt. Kjellarbuena é overfulle, og neste år går ikkje bil'n inn i garasjen.

— Da é no vel ikkje bere trist heller, har eg av og te tenkt når eg les om folk som har fått svidd av husena sine nyttårsafta. So sant da ikkje går liv då altså. Ein vert jo kvitt ein del ting ein gjenna ikkje har hatt hjerta te å hyva.

Ein an' ting ein skulle hatt et eige rom te snart, é elektriske lys som ikkje virka. Eg tenkje på sånne lyslenkje med 20, 40, 100 elle fleire hondra lys i. Går da ei pera dar, vert da fleire meter med «svart hav». Å finna den eina perå som é gåen kan vera et helvete på jord for stivfrosne fingra i mørkanatte. Skulle du ha sånn grisaflaks at du finn ho, kan du jo prøva å få fat i ei ny tå same typen. Gløym da! Kjøp nytt.

Men so har du den igjen. Du kasta ikkje ei lyslenka da bere é gått ei pera i. Ikkje kan du gje ho vekk heller, om du har aldri so lite lyst.

Ja , ja. No går vi snart inn i et nytt år, og ein skal jo på død og liv ønskja seg noke for da nya året. Litt mindre presanga neste jul. Da hadde vore godt, spør du meg.

Men først é da nyttårsafta og fyrverkeri. Fordelen med nyttårsraketta é at du vert kvitt dei. Da hopa seg ikkje opp so alt ant, kan du sei. Flott å sjå på når dei eksplodera og sprer seg utøve nattehimmelen i all sin glans. Godt å sjå på når driten dett ner i hagjen te naboen. Da einaste ein må vera nøye og lite grann forsiktig med, é plasseringje av oppskytningsrampen, sånn at du ikkje svir av heila huset. I år har forresten naboen pinadeg prøvt å pynta da rustna kletørkestativet med blinkande lys. Et klart terrormål. Snakk om å spraya med godlokt onna armane i stann før å dusja.

Godt nyttår!