Forventningane var store. Sem-erklæringa var også eit godt dokument. Men Erna Solberg, Lars Sponheim og dårlege meiningsmålingar har gjort at det har vore vanskeleg å få den heilt gode kjensla for Kjell Magne Bondevik si andre regjering. Betre vert det heller ikkje av at det er ein høgremann som får æra av å markera regjeringa sin miljøprofil

I går kunne statsministeren sine partifeller her vest endeleg få uttrykk for desse frustrasjonane og vonde kjenslene på årsmøtet i fylkespartiet i Hordaland.

Uklare kompromiss

— Vi har sendt uklare ideologiske signal til veljarane. Landbrukspolitikken vår er uklar, og vi har gått inn i for mange uklare kompromiss med Høgre, sa partiveteran og tidlegare statsråd Hans Olav Tungesvik frå Etne.

Andre klaga spesielt på regjeringa sin kommunepolitikk.

— Frå regjeringa og sentrale politikarar får vi stempel på oss for å vera dårlege pengeforvaltarar. Det er ingen som forstår oss når vi seier at vi snur kvar krone, sa Kåre Lutro frå Os.

Det fall på stortingsrepresentantane å setja kveik i mismodige partifeller.

Oppmoda til tolmod

Anita Apelthun Sæle sa det slik:

— Vi har ikkje ei høgreregjering, heller ikkje ei sentrumsregjering. Men eg er begeistra likevel.

Ho oppmoda også om at grasrota i partiet måtte visa tolmod.

— Hugs på at vi har fire år på oss på å få gjennomført hjartesakene våre.

Ola Ersland, Bømlo, var samd i at begeistringa er borte Men han åtvara mot krisemaksimering. Istaden oppfordra han til positive tankar.

Homofili heit sak

Gårdagens debatt stadfester også at homofilisaka framleis er ei heit sak på KrF sin agenda.

Bakgrunnen for at avtroppande leiar, Vilgerd Storset Husa, sette homofili på dagsordenen i går, var debatten som vart utløyst fordi ein lesbisk kommunestyrerepresentant i Stavanger trekte seg frå alle tillitsverv i fjor. Ho hadde fått seg ein kjærast.

Storset Husa understreka at det står fast at ingen med tillitsverv i Kristeleg Folkeparti kan vera praktiserande homofile. Men ho la vekt på at ingen dogmatisk skal kontrollera privatlivet til partifellene.

— Vi treng ingen eksklusjonsparagraf. Kontrollen må byggjast på tillit, sa Storset Husa. Ho la også vekt på at partiet ikkje har endra syn på partnerskapslova. KrF er også framleis imot at homofile kan adoptera barn.

Fleire ga uttrykk for at dei tykte at Storset Husa si utgreiing var oppklarande. Men Solfrid Hellesøy la til:

— Det er ikkje homofilisaka som er det største ideologiske problemet for KrF, men det faktum at vi no sit i ei regjering som administrerer lova om fri abort.

PRØVDE SÅ GODT DEI KUNNE: Sentrale partitoppar prøvde så godt dei kunne å oppmuntra frustrerte partifeller på årsmøtet i Hordaland Kristeleg Folkeparti i går. Frå venstre barne- og familieminsiter Laila Dåvøy, stortingsrepresentantane Ingmar Ljones og Ingebrigt Søfonn og avtroppande leiar Vilgerd Storset Husa. FOTO: BJØRN ERIK LARSEN