Tidlegare vart desse pasientane dekte til med teppe og dyner. I dag tar legane teppa av, og kjølebehandlar pasientar med hjartestans i 24 timar.

— Vi tenkjer litt annleis enn før, forklarar Jørund Langørgen, overlege ved Medisinsk intensiv overvåkning (MIO) ved Haukeland Universitetssjukehus.

På jobb igjen

To internasjonale studier har vist god effekt av kjølebehandling etter hjartestans. Etter at Haukeland systematisk tok i bruk metoden i 2004, har talet på overlevande gått dramatisk opp. Fleirtalet fungerer normalt etterpå.

— Dei fleste kjem heim, og ein del kan gå tilbake til arbeid. Dette er effektiv behandling, seier Langørgen.

— Så no går det ein del vestlendingar omkring som eigentleg ikkje skulle vore i live?

— Ein del pasientar som ikkje ville ha overlevd før 2004 har klart seg på grunn av den nye metoden, ja.

Bremsar hjerneskade

Sluttar eit hjarte å slå, stoppar også oksygentilførselen til hjernen og på få minutt kan celledød gjere stor skade. Når pasientar med hjartestans døyr, er det som regel på grunn av hjerneskadar som oppstår i kjølvatnet.

Fordi nedkjøling bremsar celledød i hjernen, kan metoden utgjere forskjellen på liv og død. Ved nedkjøling blir oksygenforbruket redusert med seks prosent per grad.

— Di raskare nedkjøling, dess mindre blir skadane, seier anestesilege Bård Heradstveit, ein av fleire legar som har vore med på ein ny studie på MIO for å vidareutvikle metoden på Haukeland.

Forskar for å redde fleire

Sjukehuset i Bergen var eit av dei første her i landet som systematisk tok i bruk nedkjøling. No forskar legane på korleis metoden kan gjerast endå betre.

Under behandling er det stor lekkasje av væske frå blodårene til vevet rundt. Derfor blir pasienten tilført seks til åtte liter intravenøs væske.

— Vi vil undersøkje om vi kan redde endå fleire liv ved å gje mindre og saltare væske, seier Heradstveit og Langørgen.