Ifølgje Hjartåkers advokatar har politiet berre avhøyrt Kvinnsland.

— Vi registrerer at saka er lagt vekk, men konstaterer på same tid at det berre er viseadministrerande direktør Stener Kvinnsland i Helse Bergen som er avhøyrt, seier Oddmund Hjartåkers advokat, Marianne Bergflødt.

Hjartåker melde i vinter Helse Bergen-toppen til politiet for trugslar. Det skjedde etter at Kvinnsland, to av legane som hadde ansvaret for å behandle dottera Kristina og tryggleikssjefen på Haukeland kom på besøk heime hos Oddmund Hjartåker om kvelden 1. februar. Målet med heimebesøket var å overtale han til å slå av pustemaskina som heldt dottera i live.

— Eg var sjuk og sengeliggjande. Legane kom og ville inn. Vi følte oss rett og slett trua, sa Oddmund Hjartåker då han skildra situasjonen som gjorde at han kontakta politiet.

Kort etter la politiet vekk saka som ikkje noko straffbart forhold, men statsadvokaten gjorde om på vedtaket. Fana politistasjon har hatt ansvaret for etterforskinga som no har munna ut i at saka er lagt vekk for andre gong. Denne gong er årsaka bevisets stilling.

— Kva reaksjonar har din klient, Marianne Bergflødt?

— Han er overraska, mellom anna over at berre Kvinnsland er avhøyrt. Trass alt var det fleire vitne til det som hende.

Til Bergens Tidende seier Bergflødt at dei treng litt tid til å vurdere om dei nok ein gong skal klage vekklegginga inn for statsadvokaten.

På Haukeland er dei nøgde med utfallet:

— Vi er nøgde med at politiet meiner det ikkje er grunnlag for noko straffesak. No avventar vi og ser fram til konklusjonane i granskinga Statens helsetilsyn gjennomfører, seier advokat for sjukehuset, Halfdan Mellbye.