Ein 43 år gammal mann, er i Sogn tingrett dømd til 90 dagar vilkårslaust fengsel. Han er dømd for å ha innført 479 gram hasj.

Tilseier høgare straff

Retten meiner at innførsel av eit slikt kvantum med hasj tilseier ei straff på 120 dagar vilkårslaust fengsel.

Ifølgje dommen får mannen ei lågare straff fordi han har gitt ei fullstendig tilståing. I tillegg legg retten vekt på at mannen er i ein vanskeleg livssituasjon, mellom anna fordi han er smitta av hiv.

Skulle vidareselje

Mannen smugla hasjen inn i landet i mars i år. Han hadde kjøpt narkotikaen i Tyskland, og hadde den med seg på ein Euroline-buss frå Hamburg til Noreg. Han fortel at han kjøpte 500 gram hasj i Tyskland, men hadde berre med seg 479 gram til Noreg.

Den dømde tilsto at han innførte narkotikaen, og at han hadde til føremål å vidareselje han.

– Ikkje feil

Leiar av Advokatforeininga sitt lovutval for strafferett og straffeprosess, Harald Stabell, fortel at han sjølv aldri har vore borti at HIV-smitte er grunnlag for strafferabatt.

– Men eg syns ikkje det er feil å leggje vekt på det. Det er vanskeleg å sitje utanfor å meine noko om saka, men mest sannsynleg er det tilståinga som har gitt det største straffeavslaget, seier han.