KJERSTI MJØR

Frå 1. januar neste år må folk i Nordfjord reise tretten mil lenger, hvis dei brekk eit bein, eller treng akutt kirurgi utover det kommunelegen kan behandle. Leiinga i Helse Førde har nemleg bestemt at all akutt og planlagd kirurgi utanom ortopedi skal flyttast til Førde.

Vedtaket opprører dei 21 legane ved Nordfjord sjukehus. Legane meiner at avgjerda er teken på sviktande grunnlag, og at omorganiseringa vil føre til meirkostnadar, ikkje innsparingar, for Helse Førde.

— Vi har tynnslitt tillit til leiinga i Helse Førde, skriv legane i eit ope brev.

- Skjult agenda

Legane meiner vedtaket er meiningslaust, og at leiinga har eit forklaringsproblem.

— Det vil ikkje vere noko å spare på å sende 2000-3000 Nordfjord-pasientar til Førde kvart år for akutte skadar, heiter det i brevet til leiinga.

Barnelege Ole Sverre Haga, ein av initiativtakarane til aksjonen, kallar vedtaket ulogisk. Han hevdar at Helse Førde-leiinga «vedtek først og reknar etterpå».

— Dette handlar ikkje om å spare pengar. Vi har utrekningar som viser at det vil bli dyrare å behandle kirurgiske pasientar i Førde enn Nordfjord. Leiinga har ein skjult agenda: Alt skal samlast i Førde, hevdar Haga.

«Ikkje i sin villaste fantasi»

Ein konsekvens av vedtaket er at turnuskandidatane forsvinn frå sjukehuset på Eid. Årsaka er at sjukehus utan akutthjelp-funksjon ikkje blir godkjend som turnusplass.

— Dette inneber at frå nyttår må fem kirurgar utføre same arbeid som ti leger i dag, sier Haga til BT.

Måndag kveld arrangerer sjukehuslegane folkemøte og fakkeltog på Eid. Ifølgje informasjonssjef i Legeforeningen, Ellen Juul Andersen, er dette truleg første gang norske legar tar eit slikt initiativ.

— Leiinga i Helse Førde hadde nok ikkje i sin villaste fantasi førestellt seg at vi skulle finne på noko slikt. Men det er vi som best ser konsekvensane av vedtaka, mens dei sit trygt på kontora sine i Førde og bestemmer.

— De fryktar ikkje å bli stempla som illojale mot arbeidsgjevar?

— Vår lojalitet ligg hos folk i Nordfjord, ikkje leiinga i Helse Førde.