Vosselensmann Ivar Hellene var raus i ettermiddag. Først let han gamlelensmann Kåre Rykke kunngjera fredinga på ekte klokkardansk frå Lensmannssteinen.

Deretter fekk riksantikvar, ordførar, prost og spelemann stiga opp på den nyfreda steinen og framføra ord og tonar.

Bulket bilen

Sistnemnde, Arne Anderdal, var i nærkontakt med Lensmannssteinen 24. desember 2002. Han hadde det litt travelt på veg til julegudstenesta, og sneia borti steinen med bilen.

Det er han slett ikkje åleine om.

— Rådmannen visst godt kva eg snakka om då eg fortalde at eg har freda Lensmannssteinen, fortalde konstituert Riksantikvar Sjur Helseth då det var hans tur til å stiga 33 centimeter høgare enn folkemugen på kyrkjebakken.

Han gav ein minitime i lokalhistorie for dei mange frammøtte ungdomsskuleelevane.

Samanlimt etter bombing

Ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik fortalde at også vossingane har hatt omsut for steinen, sjølv om han har laga bulk i mange bilar.

— Steinen vart ille medfaren etter bombing og brannar under krigen, men tidleg på 50-talet vart han vaska, stelt og sett på plass att, fortel ho.

— Og på 60-talet vart han limt saman i sprekkane, fortel murar Kolbjørn Sivertsen som sjølv utførte arbeidet.

— Det må ha vore ein god lim vi fekk tak i, for han held framleis, kommenterer han overfor riksantikvaren, med beina godt planta på asfalten.

Spetakkel

Arbeidet vart utført på verkstaden til murmeister Sivertsen, fortel han til bt.no.

— Det vart litt av eit spetakkel då folk oppdaga at steinen var vekke. Innlegg i lokalavisa, og greier, fortel Sivertsen.

Men det roa seg då situasjonen vart forklart, limet hadde tørka, og steinen kom på plass att.

— Eg er kanskje den første presten som talar frå denne steinen sa prost Arild Hellesøy.

Prestane heldt seg til kyrkjelege kunngjeringar på preikestolen inne i kyrkja, medan lensmannen tok seg av det verdslege utanfor.

Murar Kolbjørn Sivertsen forklarer kst. riksantivar Sjur Helseth korleis lensmannsteinen er limt saman.
Arne Hofseth
Arne Hofseth