PER MARIFJÆREN

Bilde frå det som ser ut som ei uskuldig tid, oppsummerte tekstforfattar Ottar Starheim då han torsdag lanserte boka «Tida flyg — historiske flyfoto frå Sogn og Fjordane».

Boka er eit tidsbilde frå 1950-talet, tiåret da mykje av uskulda forsvann. Ei brytingstid da utkantfylket Sogn og Fjordane definitivt tok steget frå natural- til pengehushald, og også tida da forfattaren opplevde barndom og gryande ungdom.

Starheim (58), som er journalist og tidlegare distriktssjef i NRK Sogn og Fjordane, har satsa på at dei små tekstane som fyller kvart av dei 300 flyfotoa skal utfylle og gje informasjon langt ut over det du ser på fotografiet. Lokalhistorikk er eit stoffområde han har arbeidd mykje med som journalist, og han har gode lokale kontaktar over heile fylket som fyller ut der det trengst.

Likevel er det naturlegvis bilda som er det berande elementet i boka, og her har forfattaren og Selja Forlag kome over ei veritabel gullgruve med nasjonalt potensial. Her kan alle finne «sin» stad, fotografert for slik den såg ut for rundt 50 år sidan.

Utgangspunktet er sunnmøringen Johan Ottesen, som har kjøpt opp historiske flyfototoarkiv frå eksempelvis Telemark Flyselskap, K. Harstad Kunstforlag med fleire. Dermed sit han i dag på over 250.000 flyfoto frå heile landet, lagra i eige arkiv komplett med avfuktingsanlegg, kjøling og syrefrie konvoluttar.

Om eit par veker kjem Ottesen med ei identisk bok med foto frå Sunnmøre. Går konseptet heim hjå bokkjøparane, burde vegen ligge open for tilsvarande bøker frå kor som helst i landet. Dersom vesle Selja Forlag i Førde har vågemotet som skal til for ei slik satsing, vel å merke.