Ein 37-årig Stord-mann har fått nok ei fengselstraff på grunn av narkotika— og trafikkbrotsverk.

Den førarkortlause mannen må sona 18 dagar i fengsel etter blant anna å ha køyrt bil med falske skilt, og for å ha brukt amfetamin og hasjisj.

37-åringen føler seg forfølgt av politiet, og syner liten respekt overfor ordensmakta. Han har dytta bort ein kvinneleg lensmannsbetjent og hissa schäferhunden sin på ein annan betjent.